Utgreidingi um Vetoet

[Del 2 av 6. Fyrste delen]
 
(Framhald).
 
           
Dei 6 Juristarne gjeng ut ifraa, at Kongen maa hava absolut Veto i Grunnlovsspursmaal, fordi Grunnloven er so mykje vigtigare og heilager enn andre Lovar.
           
Sannt og visst! Men just fordi Grunnloven er so vigtig og so heilag, Brevet paa Folkets Fridom, Sjølvstende og Rett, derfor maa Folket heilt ut raa for Grunnloven sin sjølv so sant som Forfatningi hellest er bygd paa Folkesuveræniteten.
           
Og det er den norske. Vor Statsforfatning hører til dem, der skylde Folkesuverænitetens Princip sin Tilværelse, segjer dei 6 Juristarne S. 19.
           
Dei 6 Juristarne segjer det!
           
- Men dette Folkesuverænitetens Princip er i vor Forfatning kun kommet til Udtryk gjennem Grundlovens Tilblivelse, legg dei til. Der kjenner me att Kararne.
           
Det er ikkje faarlegt aa segja, at Grunnloven er bygd paa Folkesuveræniteten, naar Ein i same Stundi segjer at den Folkesuveræniteten berre hev havt Liv og Magt i den eine vesle Stundi, daa Grunnloven vart sett, men at Folket sidan for alle Dagar hev gjevet Sjølveigar-Retten sin burt. Daa kann tilmed Aschehoug tala um Folkesuveræniteten. For daa vil Folket vera ein Samson, som er klyppt og bunden, og som Filistrarne ikkje lenger tarv vera rædd; Folket hev voret suverænt, men brukte Suveræniteten sin berre ein einaste Gong: daa det gav Suveræniteten sin burt att!
 
           
Sth. Prp. No. 20 skulde vera ei vitenskapeleg Utgreiding um Vetoet, men er etter Form og Innhald ingen annan Ting enn eit advokatorisk Innlegg for Vetoet.
           
Me tek eit Døme.
           
Dei 6 lærde paaviser, at den norske Grunnloven i det heile gjev Kongen meir Magt enn den franske av 1791, som var Mynsteret for den norske. Og so sluttar dei som so:
           
Daa den norske Grunnloven i so mange andre Ting gjev Kongen meir magt enn den franske, so er det rimelegt, at han gjev Kongen absolut Veto og. Elder som Timberkjøraren sagde til Gampen sin: dreg du den, so dreg du den med, og dreg du den, - so er det rimelegt, at du dreg den med.
           
Hadde det voret motsett; hadde den norske Grunnloven gjevet Kongen mindre Magt enn den franske, so hadde dei 6 Juristarne sagt som so: daa vaar Grunnlov hev so mykje færre Garantiar for Kongemagti enn den franske, so maa det vera Meiningi, at vaar Konge iallfall skal hava absolut Veto i Grunnlovssaker, for hellest vart han reint magtlaus!
           
- Kongen skal hava Veto. Og daa finnst det altid Grunnar. Men slikt er ikkje Vitenskap; det er Prokuratorkunst.
           
- Aa ja, eit Døme til:
           
Dei 6 Professorarne bryt seg so smaae, at dei so um Lag skriv av, det Budstikka hev sagt um § 80, at dei Ordi: alle de Beslutninger, som Kongen ikke udtrykkelig antager, anses som af ham forkastede, - at dei kan brukast til Forsvar for det absolute Veto. Slikt vilde Vitenskapsmenn ikkje gjera. Endaa Professor Brandt, som hellest er med paa det absolute Veto, finn, at dette er forgalet, og han slær heile Argumentet ihel med den vesle sjølvsagde Merknaden, at - Paragraf 80 selvfølgelig maa forstaaes under den stadige Forudsætning: forsaavidt Beslutningen overhoved tiltrenger Stadfæstelse, - om hvilket Paragrafen Intet siger. -
           
Og endeleg eit Døme til: heile Artikel VI i Betænkningi, - den einaste Artikkelen, som der er nokot i, men ein Artikkel som gjeng ut paa aa prova, at fordi Storthinget ikkje fyrr hev sett Saki paa Odden og kravt sin fulle Rett i dette Spursmaalet, difor skal Thinget og Folket for æveleg Tid hava tapt sin Rett.
                                                 
( Meir).