Um Løningsregulativet

fyr Rektorar og andre kongeleg utnemnde Lærarar ved dei offentlege høgre Aalmenskularne hev Spektator skrivet eit Stykkje i Dagbladet. Han segjer Løni er stor nok. Ein norsk Adjunkt hev soleids 2000-2800 Kr., men ein dansk Adjunkt hev berre Han tykkjer det er merkelegt, at Styringi i det fatige Norig legg fram eit nytt Løningsregulativ med større Løn. Da man for 3 Aar siden saa betydelig forøgede Embedslønningerne her i Landet, troede man, at Gnaalet og Skriget paa større Lønninger fra Embedsstandens Side ogsaa i vort Land maatte have en Ende, ja det var endog lovet, saavidt erindres, at saa skulde ske. Den norske Styringi vil skabe en talrig, velaflønnet Embedsadel, der da skulde være den Minoritet, hvorpaa Regjeringen skulde støtte sig.
           
Ein dansk Adjunkt byrjar med 1000 Krunur, og Danmark er 3-4 Gonger so rikt som Norig, segjer Spektator; i det fatige Norig, der Kulturkravi er mykje mindre, er Løni dubbelt so stor. Detta tykkjer han er rart. Men det er ikkje so rart endaa. Er Danmark so rikt, so er det vel fleire der, som hev Raad til aa arbeida fyr halv Løn. I Sverik fær nok Adjunktarne ingi Betaling fyrste Aaret, og det skulde vel vera endaa gjævare. Men Norig er so fatigt, at me hev ikkje Adjunktar, som er so rike, at dei kann greida seg med slik Løn. Hjaa oss lyt Folk liva av Arbeidet sitt, og hev ikkje Raad til aa liva av Von og Sunnavind. Fyrr ein Mann vert Adjunkt, lyt han fyrst gaa igjenom eit Gymnasium paa 3 Aar, so taka Anden-Eksamen paa 1-1 ½ Aar, og so lesa 5-6 Aar til Embætseksamen, og naar han legg upp Tysk, Fransk elder Engelsk, lyt han til Utlandet og vera der so lenge han kann, minst eit halvt Aar, skal det muna. Kann ein Student, som ikkje hev Pengar, faa sin Eksamen med ei Gjeld paa 2000 Kr., so hev han voret hæv til aa spara og tru til aa stræva. Naar han vert Adjunkt, lyt han ender og daa til Utlandet, so han kann læra meir og ikkje gløyma, det han hev lært. Dei Stipendiarne han fær, er so smaa, at ingen gift Mann kann søkja dei. Bjod no slik ein Mann 1000 Krunur! Husleiga (3 smaa Rom) kostar 500 Kr., Enkjekassa, um han er gift, tek umkring 200 Kr. Rentur og Avdrag paa Gjeldi, minst 250 Kr. Kvat skal han so liva av? Skal han slita heile Dagen med Umfram-Arbeide, so kann han ikkje faa den Lærdomen, han treng, og ikkje den Krafti han treng, naar han skal undervisa forsvarleg.
           
Norig er fatigt, og det hev ikkje Raad til aa halda uforsvarleg Undervisning.
           
Naar Ein kann faa ein Adjunkt fyr 1000 Kr. skal ein ikkje betala 2000, meiner Spektater. Lat oss tenkja oss ein Adjunkt i ein Smaaby fyr 1000 Kr., ugift lyt han vera, det segjer seg sjølv, endaa Folk segjer, at ein Lærar, som skal umgangast med Born, helst skulde vera gift. Denne Adjunkten vil ikkje betala si Gjeld, for han kann ikkje. Han vil ikkje gaa fram i Lærdom. Han fær ikkje godt Selskap, og han vert nøydd til aa ty seg til einkvar Ungkaren, som hev det paa same Maaten. Ljospunktarne i hans Aandsliv vert ender og Gong aa spela Sprøyte med ein Krambudsvein og ein Apotekarlærling. Og so skal han læra upp Borni i høgre Aalmendaning, han som Foreldri held seg for god til aa hava Umgang med.
           
Det er sannt, at ein kann faa ein Adjunkt for 1000 Kr. Eg er viss paa, at ein kunne faa ein Statsraad fyr 3000 Kr., og um ein kunngjorde Kongedømet eldigt fyr 6000 Kr. um Aaret, vilde Folk melda seg i tusundvis. Men ein Adjunkt, som kann brukast, kann ein ikkje faa til den Prisen. Ein Klasselærar hev 1700 Kr. Men naar ein treng ein filologisk Klasselærar, er det reint ein Slump, um ein fær ein, som kann brukast, og ein Realist kann ein slett ikkje faa.
           
Der er et svægende Dyb mellem Embedsstanden og Folket segjer Spektator. Ein Folkeskulelærar i Byarne hev 12-1700 Kr., kannhenda endaa meir, og ein akademisk Klasselærar hev 1700 Kr., so det svælgende Dyb er nok ikkje so svælgende endaa.
           
Spektator talar um Embedsadel. Det er reint paa Livet fyr ein Adjunkt aa faa seg Klæde og Skor, so vidt han kann skamlaust koma paa Skulen. Trur Spektator slikt er Adel, so hev han ikkje betre Greide paa Adel enn han ser ut til aa hava paa Skulesaker.
           
Løningsspursmaalet hev ei politisk Side; det hev Spektator Rett i. Men ikkje paa den Maaten, han og mange andre trur. Mange Ungkarar inne i Kristiania og mange Bønder veit ikkje, kvat det kostar fyr ein Familie aa bu i Byarne, og dei trur at ei fast Innkome paa 2000 Kr. maa rekka langt. Embætsmanns-Løningarne trur eg no helder er for smaa enn for store; kannhenda dei er høveleg store, men vert dei for smaa, vil Embættsmennerne snu seg til Sverik. Det er syrgjelegt, men sannt. Men det er visst, at i det minste dei lægre Lærarembættsmennerne hev mykje midre enn andre Embætsmenner. Ein Adjunkt (og tvo Tridjepartar driv det ikkje lenger enn til aa verta Adjunkt) fær ikkje meir i all si Tid enn 2800 Kr., og dei er so litet i Velten, at dei kann ikkje skrapa til seg smaa lønande Bierhverv, som dei juridiske Embættsmennerne kann. Lærararne skal læra upp den komande Manns-Ætti, Ein Adjunkt utsvelt Lærar vil ikkje læra ho upp til Framgang. Mykje av den politiske Fanatisme, me hev no, kjem av laak Undervisning. Dei fleste Embættsmennerne hev soleids aldri lært paa Skulen nokot um den franske Revolutionen og den nyaste Tidi, og dei veit ikkje, um Sallust og Herodot var liberale elder konservative. Skal ein hava god Undervisning, lyt ein hava gode Lærarar, og ein fær ikkje gode Lærarar, mindre ein løner dei som Folk. Vil Storthinget svelta Skularne og vera raamus med Universitetet, er det det same som aa kalka ei Grav, Utsida er fager, men inni er der Faakunna og aandeleg Daude.
           
I gamle Dagar var det lettare aa vera Lærar. Han kunde koma eit Kvarter yver Tidi og gaa eit Kvarter fyre Tidi, um han vilde, og han hadde ikkje so mange Stilar aa retta og trengde ikkje so stor Kunnskap. Difor kunne han og lettare tena nokot utanfyr Skuletidi. Men no krev Skulen sin Mann. No er Arbeidet strengt og Ansvaret stort, og difor er det ikkje meir enn rimelegt, at Løni aukar. Spektator talar um Gnaalet og Skriget paa større Lønninger. Sanningi er, at i 1874 fekk Lærararne Dyrtidstillæg liksom andre Embættsmenner. Adjunktarne fekk 400 Kr. Men det var litet nok. Mange Stader hev Husleiga paa ei tjuge Aar aukat fraa 200 Kr. til 5-600, so heile Dyrtidstillægget rokk ikkje til stort meir enn Husleiga. So skulde daa Embættsmennerne faa meir i 1876. Det vart utsett. Sameleids i 1877. I 1878 fekk dei andre Embættsmennerne eit nytt Regulativ, men ikkje Lærararne, som netupp trengde til det. Meiningi var at dei skulde faa sidan.
           
Vert det utsett iaar og, er det fjorde Gongen. Men det er ei Trøyst, at um Stortinget nøydest til aa gjera det, er det ikkje paa Spektator Grunnar.                                 
 
S.
 
           
Hr. S. hev utan Tvil stor Rett i det han her hev sagt. Det er for ille, at me skal hava eit Riksstyre, som er slik, at Storthinget for Landsbatens Skuld maa segja Nei endaa til rimelege Krav.
           
So snart Selmers Regjering gjeng og Stangs System fell, er det greidt, at Storthinget vil gjera alt det som gjerast kann for den høgre Aalmannskulen, det kann me vita av den Maaten, Thinget hev stellt seg paa i Upplysningssaker fyrr.