Ein gild Prest.

[Del 1 av 2]
 
Fraa Telemarki hev me høyrt um ein Prest, som ikkje vart so væl likad, som han skulde voret. Her er og ei Prestesoga:
           
Det kann vera so umpass eit Tjug Aar sidan, at det vart Prestebyte i eit Gjeld burtpaa Vestlandet. Der hadde fyrr voret ein, som var reint ille likad, og Bygdi var baade trøytt og kjeid av alt det Styret og Staaket hans. Det var jamvel ikkje fritt for, at denne Mannen var litegrand misskjend, for han var ikkje so galen i Grunnen, som Folk trudde. Men han var hard i Ord og Sinne og kunde ikkje koma til Lags med Folket, og so gjekk det deretter. Men no skulde daa Bygdi faa ein snild Prest. Det skulde vera slik ein framifraa mild og god Sjælehyrding, so folkeleg og beintfram, og so hyggjeleg i heile sin Skikk og Vis og i all sin Umgang. Og han kom. Og det viste seg, at han var som det var sagt og spaatt. Det var som Andlite hans berre lyste av Mildhug og kristeleg Kjærleik, og Bygdefolket kunde ikkje full-prisa si gode Lukka, at dei hadde fengjet slik ein gild Prest. Det vart daa helder ikkje lengje, fyrr han var Vener med kvar Mann i heile Gjeldet. Han var so reint hyggjeleg aa snakka med, - fortalde um Alt og spurde etter Alt, Smaating og Ingjenting, og dette totte Bygdarfolket var makalaust gjildt. Det var slikt eit Godlynne i denne Presten; han var daa ikkje stor paa det!
           
Presten hadde ei Fruva; men ho vardt ikkje so vel likad. Dei var barnlause, og daa Presten syntest vera ein stor Barneven, so laut dette plent vera Synd paa Mannen. Fruva var ikkje so blid helder som Presten. Ikkje var ho væn helder Stakkar. Ho hadde eit skarpt Andlit, kvasse Augo, ei Nos som ein eggbroten Hakkekniv og - ikkje litet Skjegg. Alt dette var ille; for det er altid ille aa vera ljot for eit Kvende, endaa um det er millom Bønder ho bur. Folk tok i det heile paa med aa ynka den snille Prestemannen sin for Kona si Skuld, og dette aukad paa, daa det kom upp Slosur fraa deira yngre Dagar. Presten hadde nok fengjet Pengar med henne vart det sagt; men Pengarne passad ho sjølv som ein Drake. Og ho hadde nok attpaa haardreget honom so lengje, at det berre var for den harde Naudi, at han brukad den sleikte svarte Perukkjen. Han brukad falske Tenner med; men det vart ikkje spurt, um det var Fruva elder Tannverken, som hadde gjort av med Tennerne hans.
           
Det var hellest snart aa skyna, at den nye Prestemannen var mykje til Kar. Han greidde upp i Skulesakerne so det hadde Skikk; det laut byggjast nye Skulehus og kaupast nye Bøker osfr. osfr., og dette var no alt ihop mykje vel.
           
Likeeins i Fatikvæsenet vart der ein annan Skikk; - det vart mykje lettare for Fatikfolk aa faa hjelp, jamvæl i klingande Mynt; og Armingarne vælsignad Presten sin. Og daa det no var so lett aa f a a, so aukad Flokkjen og Trongi fort, og Vælsigningi med. Det var væl so, at Utgifterne og aukad; men det gjekk daa alt so overlag vænt og godt hellest, at Ein berre maatte hava Hugnad av aa punga ut.
           
I Kyrkja var det ikkje just nokot framifraa med den nye Presten, og han var endaa ein av dei, som vender Fjerdingen kvar Adventsundag. Men naar han hellest var so mykje til Mann so fekk Ein ikkje krevja for mykje av honom helder; han brukad visst dei Gaavurne Vaarherre hadde gjevet honom, og det kunde ingen segja annat enn at han preikad purt og reint og plent etter som det stod i Forklaringi.
           
Og so godhjartad, som han var! Han gav kvar ein, som bad honom, og han berre smaaflirde, naar Folk klagad yver Skatt og Tiend og Offer. Det er ikkje so faarlegt med det, sagde Presten.
           
Og det var ikkje berre Folk, han var god imot. Han hadde Hjarta for Dyri og, for Hest og Ku og Saud og Gris, slik som ein god Mann skal hava. Han hadde ei Annekskyrkja, og dit var det ei god gamal Mil hard Sjøveg. Og so hadde han ein raud Gamp, som han var svært glad i; sume sae endaa at han heldt meir av den enn av Kjeringi si. Ein Sumar-Sundag stod han paa Preikestolen i Annekskyrkja og las paa den fleire Aar gamle Preika si. Daa fekk han sjaa den eine Skjutsmannen sin, han Reidar, burtpaa Kyrkjelemmen. Hestekjærleiken fekk daa med ein Gong Magti med den snilde Mannen, so han gløymde seg reint.
Reidar! Reidar! ropad han med diger Preikerøyst, ro heim og bed Augund taka Gampen utor Kuhagjen: eg gløymde segja det til honom, og Gampen kunde verta stongat Vombiskjind! Og Reidar laut ro med Bodi, Mili att og fram igjen, medan Presten dreiv paa med Lesnaden sin att, kristnade Born og tok inn Offeret.
           
So hadde han ei Bikkje med eit franskt Namn, eg trur det skulde tyda Venen min elder nokot slikt. Denne Bikkja starvad ein Dag, som vanleg Bikkjur gjera. Daa vart det væl ei Sorg paa Presten. Han tok Sloprokken sin og sveipte Bikkja inn i; Guten maatte grava Greft og Fruva og Tauserne laut gaa med i Likferdi, daa han bar Bikkja til den sidste Kvilestaden. Eg trur ikkje Presten kasta Jord paa Liket; men han gret, er det sagt, daa Guten gjorde det.                 
 
( Meir.)