Den svenske Riksdagen

hev bevilgat Tillegg i Løni til den svenske Krunprinsen.
           
Men det vart endefram sagt, at naar den liberale Riksdagen av sin Godvilje gjorde dette, so var det, fordi at den svenske Kongen hadde vist seg aa vera ein konstitutionell Konge, derved at han tok eit Ministerium av det liberale Fleirtalet. Hadde ikkje det voret, so hadde Fleirtalet i Riksdagen sagt nei til eit slikt Forslag i Sverig som i andre frie Land, der Kongemagti prøver aa skapa seg paa Tverke.
           
Det vart og sagt, at det ikkje kunde vera Meiningi med denne Apanagen, at Ein skulde dyngja ihop personleg Rikdom i Kongehuset.
           
           
I Norig er det no uppe ei liknande Sak; det er Spursmaal, om det norske Storthinget skal bevilga Tillegg til den norske Krunprinsen.
           
I seg sjølv vedkjem det ikkje Nordmennerne, kva dei Svenske gjer med sin Krunprins. Men det kann likevæl vera Moro aa leggja Merkje til, korleids dei fer fram og kva dei tenkjer i andre Land og i slike Tilfelle.
           
No er det plent motvendt her i Norig mot i Sverig med det politiske Samhøve millom Folkemagti og Kongemagti. Kongemagti her set seg plent og beint imot det liberale Fleirtalet og vil styra paa Trass mot det. I Sverig vilde altso under slike Tilstand Fleirtalet segja Nei. Og det vilde væl eit vitugt og mannslegt Fleirtal i alle frie Land gjera.
           
Her, um hellest nokon Stad, maa det norske Thinget og segja Nei. Finst det ei Bevilgning paa Budgettet, som plent er utrengd og som kann sparast utan at korkje Landet elder nokon annan lid vondt av det, so er det denne. Den unge Krunprinsen hev av Norig 30,000 Kr. um Aaret fyrr for aa vera Krunprins, og han fær Pengar fraa andre Kantar med; dessutan skal han eiga Pengar sjølv.
           
Og det er ikkje Tider no for det norske Folket til aa kasta burt 50,000 Kr. til Ingenting. Det er trongt um Pengar, og Folk hev ingen Hug korkje paa nye Skattar elder paa nye Statslaan.
           
Hadde Kongemagti havt stellt seg svært pent og rimelegt mot Nordmennerne og Norigs Storthing, slik som t. D. den svenske Kongemagti hev stellt seg mot Sverigs Riksdag, - so kunde det so voret, um Ein hadde voret litt flus paa Haandi i eit Tilfelle som dette. Men som det no stend, so tek Forslaget um Tillegg til Krunprinsløni seg endefram ut som ei Spott mot Thinget, - og slike Forslag svarar ei Nationalforsamling paa ved aa avvisa dei rolegt og kaldt.
           
Dei skal daa ikkje tru, at dei kann bera seg aat plent som dei vil helder. Det hev visst ikkje voret Nordmenns Vis fyrr aa kyssa paa Riset!
           
 
Kongehuset kostar Norig no: Kr. 436,000.
           
Det kann vera nok.
           
Dei fleste trur, at det er meir enn nok. Og mange rundt i Landet trøystar seg til, at Storthinget i Aar vil spara inn 20,000 Kr. paa den Posten, istadenfor aa gjeva ut 50,000 Kr. meir.