Um eit Maalting.

Det hev av og te vorte ora innpaa um eit stort Maalmøte. Det meiner eg au væl kunde trengjast.
           
Maalsakji er visst i eit Vende; ho hev greitt lagt fraa seg Baanelagje, ho hev vorte vaksi no. Ho hev skrie seg ut yver Lærdomsgrunnen og vorte eit praktisk Spursmaal; ho hev skrie ut ifraa Einmanns-Tankjen og kome inn i Aalmanns-Hugjen. Men Aalmannshugjen er mangslungjen han, allvisst daa i Norig, so ho tykkjest hava vorte mangeslungji og flokutt Maalsakji au no. Dei brukar mange Slag Veft, so Veven vert brokutt utsjaaand. Det kom upp ei Sky paa heite Himelen med Ivar Aasen; men ettersom Skyi auka, krulla det seg ifraa Smaaskyer utyver all Vegen, so Himelen tykkjest no vera sett med ei tunn Hime allsta. Men fysst naar Flokanne samlar seg te ein stor tett Banke kann Ein vente vælkome Regn. Endaa er det ingen Faare; for so er Livsens Gang, det liksom løyser seg upp, og det fær kvart sin Veg, men so kjem det saman att, og daa er det dubbelt so sterkt som fyrr. Det er liksom Biunne, dei fer kvar Morgo ut fraa Tuva og syge Honing kvar av sin Blom, men um Kvelden samlast dei igjen, og daa heve dei gjort ei munarleg Fengd. So hev au Maalmennenne fare paa mange Vegjer og røynt mange Ting kvar paa sin Veg. Maaltanken hev auka og kvisla seg ut i mange Tankar, og fysst naar alle desse Røynslunne og Tankanne kunde møtast og arbeiast ihop te ein full Samtanke, kunde det verte ei Makt, som var so fast som ho var bundi i Bergje.
           
Det er so mange Tvidrag og Striar komne fram, og dei hev vorte væl nok kjende hjaa Aalmugen, so dei no kunde trengjast te verte jamna; og Ein kunde hava Von um det au.
           
Det hev vore Tale um eit Maalmannsmøte, eg trur eg heller vilde hava eit Maalting, som skulde vera valt fraa heile Lande. For paa eit Maalmannsmøte kom dei te aa raa, som det var flest av, og det var dei som hadde stuttaste Vegen dit Møte vart halde, so at um det au skulde kallast eit Møte for heile Lande, vilde Vestmennenne raa, um Møte vart halde paa Vestlande, og Austmennenne, um det skulde vera paa Austlande. Men naar det vart valt Sendemenn fraa kvar Maalgrein, so kunde det verte meir likt for det heile. Ved eit fritt Maalmannsmøte vart det Stemningi av dei verksame Maalmennenne sjølve, som kom te aa syne seg, men ved eit Maalting skulde Maalføre representerast likso mykje som Folkestemningi, daa fekk Ein høyre, kva kvart Bygdemaal trudde var best for seg. Paa den Maaten vart det ikkje so mykje dei personlege Maalmanns-Interessur som kom fram, men meir det, som var te Bate for heile Aalmugen.
           
Ivar Aasen skil 3 store Maalgreiner i Lande: I. Norafjells. II. Vestafjells, III. Austafjells, og kvar av desse heve 3 Undergreiner kvar, og kvar av desse Undergreinenne hev igjen 2 hell 3 Maalføre.
           
Soleis er det 3 Storgreiner, 9 Undergreiner og 21 Maalføre, som Ein lett kunde jamne, so det vart 24, og soleis 8 i kvar Grein 1) . So kunde Ein velje anten Ein vilde Nokre for kvar Storgrein, hell for kvar Undergrein, hell au Ein for kvart Maalføre, so det vart 24 Sendemenn fraa heile Landsens Maal.
           
Dei som skulde veljast maatte vera Maalmenn og vera godt inne i Heimemaale sitt og hava go Maalkunnskap hellest au; det var det same, kor han audde.
           
Alle skulde vera med aa velje, som hadde Samhug med Maalsaki; hadde dei ingen Heimsta, fekk dei taka seg ein sjølve.
           
Dei fekk faa ein hell fleire Blamenn te aa styre Vale.
           
Maalgranskaranne Aasen og Ross og Styraranne for Vestmannalage, det Norske Samlage, Fedrah. og Norsk Skuleboksamlag skulde bjoast inn, og hellest skulde det kunne vera med alle Maalmenn som vilde i Orkaste, men berre Sendemennenne skulde røyste.
           
Møte skulde freiste aa arbeie ut eit Forslags-Grunnlag for Maalgrunnen og for Maalarbeie i Framtii.
 
- J.
 
1) I. A. Norland. B. Indr. Throndh. (1) Namd. 2) Værd. 3) Ordk.). C. Ytre Thr. (1) Fosen 2) Nordmør 3) Raumsd.) 7 Maalføre. (Tok Ein dubbelt fraa Norland, kunde det verte 8).
 
II. A. N. Bergen (1) Sunnmør 2) Fjoranne). B. S. Berg. (1) Sogn 2) Nordhordl. 3) Hard. og Voss. C. Stavanger (1) Sunnhordl. 2) Ryfylke 3) Jaren) 8 Maalføre.
 
III. A. Kristiansand. (1) Raabygdelage 2) Telm.). B. Vestuppl. (1) Halld. og Valdr. 2) Øvre Gudbrd.). C. Austuppl. (1) Heimarki 2) Østerd.) 6 Maalføre. (Tok Ein med 1) Dalanne og Lister, 2) Kristianiafjoren, vart det au 8).