Fraa Thinget.

[Del 1 av 2]
 
Går til sin gjerning de norske mænd
vinglende, viljeløst, ved ei hvorhen,
skrukker sig hjerterne, smyger sig sindene,
vige som vaggende vidjer i vindene, . . . .
hejses som merke usseldome klude,
sætter de æren i flugt og i fald, -
da er det bisp Nikolas, som er ude,
Baglerbispen, som røgter sit kald.
 
H. Ibsen.
 
I.
           
Ein lyt minnast desse Ordi some Tider no.
           
Det er ikkje altid, at Thingmennerne vaare er so staute og støe, som dei skulde vera. Det hender iallfall for mange av dei, at dei er so vinglande og viljelause og vaggande veike, at Ein heiltupp kann s j a a, at Baglerbispen hev voret ute.
           
Det hender i dei greidaste Saker. Lønings- og Pensionskomiteen gjekk her um Dagen sund i ikkje mindre enn 3 Stykkje endaa i ei so endefram Sak som den um Pensjonarne til Jakobsen og Velde.
           
D. v. s. Høgremennerne visste naturlegvis, kva dei vilde. Høgremennerne kann sin Politikk. Det var dei liberale, som kløyvde seg sund og tøvde seg burt, - her som all Tid.
           
Ein einaste Mann stod fast er det sagt, - aaleine mot alle dei andre. Denne Mannen var . . . Søren Jaabæk? Nei. Ikkje eingong Søren Jaabæk. Den som stod fast, var Nils Jul.
           
Nils Jul stod fast. Han hadde alle imot seg, Høgremenn, Slingringsmenn, Vinstremenn. Men han firde ikkje. Og tilslutt var det ein av dei andre, som forstod, at Nils Jul i denne Saki, nok var den einaste, som hadde politiskt Takt. Soleids kom det til aa staa tvo Vestlandsbønder saman um aa foreslaa full Pension til Velde og Jakobsen: Nils Jul fraa Halsnøy, og Ueland fraa Dalarne.          
           
Dei andre liberale foreslog at Thinget skulde knipa litt av for Velde og Jakobsen.
           
Velde hev som Lensmann tent 1700 Kr. 1) ; for honom skulde Thinget knipa av 200 Kr. Jakobsen hev som Kaptein havt Kr. 2400; han skulde heretter berre hava Kr. 2000.
           
Velde og Jakobsen hev misst sine Embætte, fordi dei gjorde det, som Thinget hadde paalagt dei; no vil Arktander og dei andre Kararne, at Velde og Jakobsen skal bøta for dette! Dei skal bøta, fordi dei hev gjort si Plikt, bøta, fordi dei hev voret med og haldet uppe Storthingets Æra og Folkets Rett, - betala ei aarleg Mulkt for det! -
           
Kvi foor dei so dumt? Kvi gjorde dei ikkje som Gregersen? Kvi leet dei ikkje Regjeringi faa sin Kommissionskrig fram og Storthinget gjera Fiasko? Hadde dei gjort det, so hadde dei ikkje aaleine fengje havt Embætti sine, men dei hadde fengje Takk og Fortenest attpaa, og Storthinget hadde ikkje sagt eit vondt Ord til dei for det! Men fordi dei foor fram som Menn og ikkje som Kaptein Gregersen, og fordi dei trufast heldt ut i ein vigtig politisk Strid til Vern for Folkets Rett og for Thingets Æra, - difor skal dei no betala Mulkt, dersom dei Herrar Arktander m. fl. fær raada.
           
Make til Politik veit me ikkje av at me hev set. Det er eit Meisterstykkje av Baglerbisp-Statskunst.
           
Paa slike Vilkaar skulde altso Thinget taka imot Menns Hjelp, Uppofringar og Arbeid! Thinget skulde lata Menn ofra Livsstillingar og Innkomur og Stræv og Arbeid for aa tena det og stydja dess Rett mot ei faarleg Aagangs-magt, - og so skulde Thinget etterpaa lata desse Mennerne tapa Pengar paa Saki!
           
Ei Statsmagt, som gjorde slikt, matte ha uppgjevet seg sjølv. Storthinget vilde fraa den Stundi staa som utskjemt for heile Landet.
           
- Men dei 4 liberale Herrarne av Pensjonskomiteen hev nok ikkje Sans for slikt. Serleg skal Formannen, Hr. Arktander, ha arbeidt sterkt for aa faa Pensjonarne nedsette.
           
Hr. Arktander finn, at det i Aar gjeld um aa spara paa alle Kantar, so bør Storthinget knipa paa Æreskillingen og. Men samstundes finn Hr. Arktander, at t. Eks. til Universitetsbiblioteket hev Thinget Raad til aa bevilja, ikkje berre det Regjeringi hev kravt, men meir til!
           
Det er ein forunderleg Politik! Spør alle Nationalforsamlingar og alle skikkelege Folk i Verdi, og høyr, om det finst nokon annan enn Hr. Arktander fraa Nordland som meiner, at det gjeng an aa knipa paa Æreskillingen, so lengje det finst Mynt i Kassa elder Mynt aa faa, - og eg tenkjer dei skal ikkje turva spyrja uppatt.
 
Som sagt: dei 4 liberale Herrarne i Pensjonskomiteen vil, at Velde og Jakobsen heretter skal bøta resp. Kr. 200 og Kr. 400 kvart Aar, so lengje dei liver, fordi at dei stod fast paa Storthings- og Folkesida i det svære politiske Basketaket i 1880.
           
Dei 4 liberale Herrarne vil at Storthinget skal segja til alle Landsens Embættsmenn, som heretter vert elder kann verta Thingmenn, at kjem dei eingong i den Klemma, at dei maa velja millom Folkevilje og Regjeringsvilja, millom Storthing og Ministerium, - so bør dei altid halda seg til Ministeriet; for gjer dei det, so fær dei baade Takk og Løn; men held dei seg til Thinget, so fær dei sure Minur og Mulkt!
           
Det er paa den Maaten, Thinget skal styrkja si Stilling i Nasjonen og gjera seg vyrdt av baade Venner og Motstandarar. Det er paa den Maaten Ein skal halda Frihugen uppe baade hjaa Embættsmenn og annat Folk. Gud fri oss for slik ein Armods-Politik! me segjer ikkje meir.
           
 
Dersom det endaa var nokon Sum det galdt! Men aa knipa inn 600 Kr. um Aaret paa ei Bevilgning, der det gjeld Storthingets Æra og heile politiske Magt, - det vert daa so altfor jammerleg smaatt.
           
Naar det gjeld Pensjonar til Embættsmenn, som i alt sitt Liv ikkje hev gjort annat enn aa sitja i eit Embætte og gjera sin Skyldnad mot god Betaling, - daa gjeld det for pent og moderat og nobelt aa gaa so høgt med Pensjonen som mogleg. Daa er ikkje Hr. Arktander so rædd for aa vera med paa store Tal og høge Summar.
           
Men naar det gjeld Pensjonar til Menn, som hev misst Embættet sitt av politiske Grunnar, d. e. fordi Regjeringi vil Storthingets Magt og Rett til Livs, daa skal det vera pent og moderat og nobelt aa knipa av 600 Krunur.
           
Og det er liberale Menn, som gjeng med paa dette! Menn, som Folket ut yver Landet set si Lit til! Menn, som just no skulde vera faste som Fjell og støe som Staal paa aa gjenomføra Storthingets store Kamp!
           
Me maa ikkje gjera eit einaste Mistak meir, sae Sverdrup ifjor. Det ser ut til, at Hr. Arktander trur seg visare enn Sverdrup. Iallfall synest han ikkje aa vera so rædd for aa gjera Mistak.
           
Men dei fleste vil segja, at Sverdrup nok likevæl hev Rett, og at Menn som Hr. Arktander vilde gjera væl i aa leggja Merke til, kva Johan Sverdrup meiner!
 
1) Av ei Misrekning var det i Sverdrups Forslag sett upp 2000 Kr.
 
[ Meir]