[Notisar]

Kristiania, den 11te Mars.
 
Storthinget hadde Møte den 5te Mars og tok daa ved (for det meste samrøystes):
 
1) Innstilling fraa Hernemdi um Samtykkje til aa makeskifta nokre Stykkje av Akershus Festning med eit Grunnstykkje, som høyrer til Kristiania.
2) Do. fraa same Nemndi um Budget for Søkadetkorpsets Fond.
3) Do. fra Budgetnemndi um Beviljingar til Navigationsexamensvæsenet
 (12,500 Kr.), til Sjømannsskular
 (17,000 Kr.), Observatorii i Bergen
og Trondheim (500 Kr. for kvart), til den tekniske Skulen paa Karljohansvern (6100 Kr.) og til Maskinistexamen (400 Kr.)
4) Do. fraa Vegnemndi um Beviljing til Fremde av Jordbruket og Husdyravlen. Det vart soleids beviljat:
           
1. Til Reiseutgifter for Landbruksdirektøren, Løn og Reiseutgifter for 3 Landbruksingeniørar og 4 Agronomar, Løn for ein Landbrukskemiker og hendelege Utgifter 33,800 Kr., derutav 1200 Kr. til Reisepengar for Tenestmenn i Landbruksvæsenet til eit Landbruksmøte i Sverige 1881. II. Til Avdrag paa Kjøpesummen for Hesteavlssætri i Sikilsdalen 11,800 Kr., idet Storthinget samtykte, at Sætri og ein tilliggjande Skogteig vert innkjøpe for 22,000 Kr. (Vedteket mot 29 Røyster; Holm talde fraa aa kjøpa av finansielle Grunnar; men L. Smitt, Enge og Veum forsvarad Innstillingi). Til Drift av denne Hesteavlsætri 900 Kr. Til Hestesjaa i Kristiania 1200 Kr. Til Fesjaa i Seljord 1400 Kr. Til Hestesjaa i Kristiania 1200 Kr. Til Hestesjaa i Sudre Bergenhus Amt 1000 Kr. Til Hestesjaa i Romsdals Amt 1000 Kr. Til eit Hestesjaa nordanfjells paa Stjørdalshalsen 1200 Kr. (Krogh vilde, at det skulde beviljast 600 Kr. til Utstelling i Nørdre Trondheims Amt og 600 Kr. til Utstelling i Sudre Amtet, mot at kvart Amt lagde til likeso mykje. Enge heldt paa ei Utstelling, sams for baade Amt, og med Møtestad paa Stjørdalshalsen; Jenssen likeso, men med Møteplass i Trondheim; J. Smittt likeso, men til ymse Skift i Trondheim og paa Stjørdalshalsen. Innstillingi vart samtykt mot 45 R. Til Fesjaa i Saudland 1000 Kr. Til Prisdomarar inntil 3600 Kr. Til ymse Utgifter 2800 Kr. Tilsaman 27,150 Kr. Dernest vart det beviljat ymse Summar til kvart Amt til Landhusholdningssellskap, Landbruksskular, Amtsagronomar, Hestesjaa og Fesjaa, o. m. mot at Amtet elder Distriktet legg til likso mykje tilsaman 55,860 Kr. III. Endeleg samtykte Storthinget (med 53 mot 27 R.), at dei 34000 Kr., som var beviljade for Budgetaaret 1877-78 til Innkjøp av Cheviotsaud fraa Skottland, men som ikkje var brukte, kunde takast til aa kjøpa inn Saud fraa Sverig, mest av Cheviotslaget (Mindretalet var for eit Forslag av Rinde um, at Beviljingi no skulde dragast inn i Statskassa).
 
           
250 Novembermenn (Morgbl. tek Munnen full og segjer henimod 300) fraa Akerhus og Kristiania hadde politisktMøte paa Lillestrømmen um Onsdagen. Cand. jur. Gulbransen heldt eit langt Foredrag og sagde, at me plent maatte hava absolut Veto, for hellest vart Kongen ikkje lenger Konge av Guds Naade, Og daa vilde Kongemagti verta avteki, - det var ei avgjord Sak.
           
- Hr. Gulbransen held altso med N. J. Sørenssen og andre Fristatsmenn i, at Kongedømet berre hev eit lite Faatal i Landet med seg. At Kongen skal maatta høyra det av sine eigne -!
           
Gulbrandsen vilde hava ein svært sterk Resolution: at 9de Juni-Vedtaket inneheldt en Overskridelse af Storthingets og en Krænkelse af Kongens grundlovmæssige Ret (!); men han laut slaa av so vidt, at det berre skulde heita efter Forsamlingens (250 Akerhuskaksars) Formening kan Grundloven ikke forandres uden begge Statsmagters Samtykke.
           
Sakførar Ring, som var med og stiftad Novemberlaget, talad godt og djervt mot det absolute Veto, og mot, at Novemberlaget skulde vera ei sjølvstendig Statsmagt, som skulde setja seg upp imot Storthinget og døma dess Avgjerder aa vera ugyldige. Storthingets Ære var Gaardbrugernes Ære, Storthingets Magt Gaardbrugernes Magt; - Storthinget var vort Værn og var Beskyttelse. Lagde man Vegt paa en Storthingsadresse (af 1824), maatte vel en 4 Gange gjentagen Storthings beslutning ogsaa have Vægt. I ethvert Fald maatte vel Storthinget faa Lov til at have et Ord med, naar det gjaldt Grundlovens Fortolkning.
           
Hr. Cand. Gulbrandsen sluttad med eit Leve for den Mand, som fremfor nogen anden i Landet er lagt for Had, foragtet og bagvasket, nemleg H. M. Kongen. Og Novembermennerne Novemberbjørnarne skulde me segja -, dei ropad Hurra paa dette!
           
Me skal for vaar Part tigja som Muren om Hr. Gulbrandsens Ord. Berre det vil me beda lagt Merke til, at dersom Hr. Gulbrandsen ikkje vert sett under Tiltale for Høgbrot etter desse Ordi, so vil det etter denne Dag altso vera loglegt aa segja um Kongen at han er den mest forhadte og foragtede Mann i Landet.
           
Ein Mann i Morgenbaldet finn, at det norske Folket ikkje hev nokot med aa hava nokor Meining um Grunnlogi si. Det er berre 5 Mann i Landet, som hev Rett til aa forstaa Grunnlogi, og det er det juridiske Fakultet.
           
Der er ei gamal Segn i Schweiz - fortel Mannen um ein stor Skyttar og Fridomsmann, som heitte Wilhelm Tell. Denne Segni hev dei Lærde no funnet ikkje er aa lita paa. Men Folket i Schweiz vilde gjerne, at Soga skulde vera sann. Um Ein no fekk istand ei Folkeavrøysting um den Saki, og heile Schweizarfolket røystad paa, at Segni var sann, - vart Segni sann med det? spør Mannen.
           
Slik er det og med Norigs Fridom. Det gjeng ei gamall Segn um, at Norig eingong var fritt. Men Segni er no so gløymd og gamall, at det er ingen som veit, om ho er sann. Dei Lærde tvilar um det. Kva nyttar det so med Storthingsavrøystingar og Folkemøte? Segni um Norigs Fridom er so gamall og gløymd, at det berre er dei Lærde, som kann hava ei Meining um henne. Og so fær me daa venta paa, kva dei finn ut, naar dei eingong hev rota igjenom alle sine gamle Papir og Skinnbrev og Protokollar og Svartebøker. - -
           
Mannen, som hev vovet denne Veven, heiter ikkje L. T. Men er det ikkje L. T., so maa det vera Bror hans.
 
           
Ekspeditionschef Hertzberg svarar i Fædrl.. at han ikkje veit Grunnen til, at Stykket um Morsmaalet er komet ut or 4de Utgaava av Jensens Lesebok, men at det iallfall ikkje var av Motstrævsgrunnar elder Baktankar; for 1) inneheld Eriksens Norigs Soga, som er utgjevi paa offentleg Foranstaltning, paa Lag det same som der fyrr stod i Leseboki um det norske Maalet, og 2) vil 5te Utg. av Leseboki - taka inn att det Stykket, som 4de Utgaava kastad ut.
 
 
Heradsstyret i Grong vedtok den 14de Febr. ein Adresse til Storthinget med Takk for 9de Juni og Ynskje um fast Framhald i same Leidi. 4 røystad imot: 1 gamall Klokkar, 1 Lensmann og 2 Bønder.
           
I same Møte fekk Heradsstyret til seg sendt ein Pakke Novemberblad, som samrøystes vart send attende uopnad.
 
- D.