[Fraa Høydalsmo. (Brev).]

Fraa Høydalsmo. (Brev). 13de Februar var her i Høydalsmo eit Skirenn. Det var tilstelt av Styraranne fyr Laardals Skyttarlag, og berre fyr Folk fraa detta Prestegjeldet. Men her kom Folk fraa andre Bygder au, soleids fraa Brunkeberg og Vinje. Skirennet stod paa Ofte. Det var samla ei stor Mengd Folk, som saag paa, det var berre dei beste og motigaste som vaagad seg upp, Veret var kaldt og klaart og Føret godt. Den fyrste Laami var med eit Hopp, og so var det eit langt Skei aa springa. - Den greidde mest alle godt. Andre Laami galdt det ikkje so mykje paa aa hoppa langt, det var ei Slalaam; men ho kunde syna kva Skiløyparanne dugde til. Upp ifraa Hoppet var ein noko bratt Aaker, og ovanfyr den ein høg og bratt Nut visst 1000 Fot høg ifraa Hoppet, der Aalmugen hadde samla seg. Midt upp i Nuten blenkte eit norsk Flag. Meste Parten vaagad seg ikkje lenger, sume vaagad seg paa Toppen av Nuten, men berre tvo stod den Laami. Det var Klas Kvalsodd fraa Ærdal og Aasmund Tvigyva fraa Laardal. Best gjorde Klas Kvaalsodd det. Han lagde til so hugheilt, som inkje var, med eit Hopp utyver øvste Pynten og stod so rak som ein Seljutein. Alle totte, det var ei grysjeleg Laam. Mange av Løypararne rullad, daa dei kom nedunder Nuten, og der datt dei ikkje blautt, Ikkje var det godt aa berje seg hell; for Snjoen vart so hard, at det mest ikkje merkte fyr Skine, og Farten so stor, at ein foor uppifraa Marki lange Stykkje. Rædd maatte ingjen vera, som løypte der; for det var ikkje so regtig trygt fyr Armar og Bein. Men Motet vanta ikkje.
           
1ste Premi fekk Tarjei Haatveit, so var det Aasmund Tvigyva, Knut Ulsmyr, Jon Ofte, Aslak Fjødde, Rikard Svalastoga. 2 Extrapremiar vart utsette, som utanbygds Skikarar au fekk vera med aa løypa um. Dei vann Klas Kvaalsodd og Olav Bergi. So hadde Smaagutarne sitt Renn; dei løypte godt og synte, at dei var verde sine Premiar.
 
T. O.