(Innsendt). Laake Karar

vil eg kalla alle dei, som læt seg velja av Folket til Tillits-umbod, men so, naar dei er valde, tilsideset Folkets Meining for aa naa eigen Bate. Og det hev so mange gjort. Folket valde dei i den Meiningi, at dei skulde verja og stydja dess Rett og gjera alt, som kunde fremja dess Sak i alle Maatar, men vart mang ein Gong stygt svikne i si gode Tru. Dei, som godt og væl var valde, brydde seg meir um aa gjera seg umtykte av Autoritetarne og svinga seg upp millom Storfolket enn um aa gjera sin Skyldnad mot Veljarfolket.
           
Naar Folket vaknar og fær sjaa, kor galet dei hev gjort med aa senda slike upaalitelege Menn avstad, so prøver det daa sidan aa kasta dei ut or Umbodi, so fort det kann. Men sidan gjeng desse Mennerne ikring, som gamle tannlause Bikkjur, gretne og vonde, og glefser ikring seg til alle Kantar, av di at ingen Ting vil laga seg for dei no som i deira Vælmagtsdagar. Daa er dei mogne aat Novemberlaget. Men Folket bryr seg ikkje lenger um dei.                          
 
4.