(Innsendt). "Dei bryt ned Vyrdnaden for Autoritetarne".

So segjer dei jamnt um Fridomsmennerne. Nei det er ikkje Fridomsmennerne: er det Nokon, som gjer det, so er det Autoritetsmennerne sjølve. Dei hev Autoritet i Fristatarne au, dei lyder Logjenne og vyrder Embættsmagti likso mykje der som andre Stader. Kvar ærleg Statsborgar veit det, at kor fritt det er, so maa det nokon Husbond vera, ja han ærar honom som si beste Verja for Fridomen, og han veit, at eit jamt Framstig er Folkebate, men Folkesott i ein Umstøyt, so meiner au Republikanaren Bjørnson. Og kvar ærleg Kristen han veit, at det er ikkje Øvregheit utan av Gud, difyre maa han vera undergjeven all menneskjeleg Skipnad fyre sitt Samvits Skuld. For han veit visst, at det er Gud, som styrer all Heimsens Gang, so ikkje han sjølv treng gjera Motstand og Uppreist mot dei Tilstand, som er, og mot den Vyrdnaden, som er. For han veit at Gud er megtig til aa umskipa det som Umskiping treng, og han vil ikkje fyregripa Guds Raadgjerder. Og Gud brukar ikkje Motstand hell Uppreist, men han kveikjer Tanken i Mannshugen og læt dei breida seg ut, og læt dei gjera sin Verknad paa den Maaten.
           
Men dei gamalkjære hev smaatt med Grunnar for Autoritetstanken sin, difor segjer dei berre: det maa so vera, det hev so voret, og det er so. Einvaldstanken er hjaa Styrararne, og den møtest med Ovtrui hjaa Folket. For Einvaldstanken segjer: so er det, so skal det vera, og Villmannsfolket ser Glansen og kjenner Magti, og det gjev seg inn under Lydnaden, for det kann ikkje tenkja, og det fær ikkje Lov til aa tenkja sjølv. Autoritetstanken i Einvelde maa hava krjupande Trælar, men i Fristaten maa han hava hugheile Menn.
           
Soleis tala dei til Kongarne i det gamle einvelduge Ægypten: Du Ovkjempa, prydd med Glimesteinar, lik den sigrande (Guden) Horus, Sverdherren, Villmannstvingaren, Folkekonge, Herre i Øvre og Nedreægypten, du Sol, du Rettferds Verjar, Solsonen, elska av (Guden) Amon-Ra, Herre yver Tronarne paa Jordi, du gode Gud, Son av (Guden) Amon, den høgste Guds Barn, Konge yver Ægypten, Herren yver Villheimen, øvste Herskar, Sigrar yver Villmennerne! - Endaa finn Ein ofte ein Snev av dette, ja dessmeir i Søknadar til Kongen vaar i eit fritt Rikje. Men ein ærleg, friboren norsk Mann skriv ikkje annat enn beint fram: Til Kongen! I dei heidne Trældomstruerne brukar dei mange og lange Nemningar til Gudarne sine, men Toldaren segjer berre; Herre, ver meg naadig; og han gjekk rettferdig heim.
           
Den som veit, at det er gamle Tider og gamle Trældomstankar, som gjeng og spøkjer enno i Hovdingshausom han skynar, at det er meir til aa graata yver enn aa harmast paa denne forunderlege Autoritetsframferdi, me ser i vaare Dagar. Han veit, at likso mykjet er det inngrodd Herremannshug og Ukunnskap um Tidi og Fridomskravet, som det er Brest paa Godviljen.
           
Men den som berre er uppalen med si Samtid og ikkje kjenner og ikkje skynar dei gamle Maktsegner, den som kjenner seg som fri Mann og er samangrodd med eit fritt Folk og ein fri Logskikk, kva maa han tru um Slikt?
           
Kvat maa Bonden og Arbeidaren tru um vaar Regjering, um Offiserarne, um heile Embættslaget?
           
Han maa tru, det er Spil og Narreverk alt saman. Han maa tru, dei fer fram etter sine eigne Høgmodstankar, han maa tru, det er for sitt eigjet Namn, dei vil hava Vyrdnad, ikkje for Rett og Sanning, han maa tru, det er Maktsjuke hjaa dei sjølve, som styrer deira Gjerningar meir enn det er Kjærleik til Aalmannsbaten.
           
Han ser, at dei paa den Maaten vert til Narr og til ein Laatt for Aalmugen.
           
Han maa sukka i Hjartat: Dei sjølve er det, som bryt ned Vyrdnaden for Autoriteten.                   
n.