Ungdom og Alderdom.

(Dagbok for tvo Dagar, med eit Millomrom av 40 Aar. Umsett fraa Engelsk).
                       
 
1ste Stykkje.
                                   
20de April 1831.
           
Kl. 6 (Morgon). Flaug lett upp or Sengi og slog Glaslukunne tilsides. Det var ein fager Morgon Soli var uppe, Fuglanne song, Blomanne blømde, Doggi glittra. Skunda meg i Klædi. Tok Fiskestongi i Haandi, slengde Fiskekorgi over Aksli og var snart paa Trømen av Aurebekkjen i Grannelage. Drog meg til Minnes, at det var den 20de Fødselsdagen min; sukka ved aa tenkje paa, at eg var so gamal; sette meg fyre aa rette alle mine gamle Mistak og byrje eit nytt Liv; kasta ned i Vatne att alle dei Fiskanne, eg fekk liksom til ei Byrjing og gjekk heim med den Fullvissa, at eg ein Dag skulde verta ein annan Howard.
           
Kl. 9. Herja Borde paa ein gruseleg Maate ved Morgonmaale sende Egg, Franskbraud, Skinke, Gelé, Marmelade, The og Kaffe ned gjenom Halsen, det eine i Hælanne paa det andre. Far sa, han var glad ved aa sjaa meg so svolten, og Bestemor kviskra noko til Mor um kvite Tenner, blaae Augo og væn Lit; tala um Ellen Tracey: Far saag gretten ut, Mor skrykkte paa Nosi, og Bestemor sa, ho var ein Skjelm av ein Taterunge, som ikkje var verdt ei Øyre. Eg totte, Bestemor var ei gamal Tyfse.
           
Kl. 11. Lydde innum Dick Oliver: reid ut saman: hev aldri set Dick so kaat; møtte Ellen Tracey; me bøygde oss baae; Augo vaare møttest: tottest aldri ha set ho fagrare; sa til Dick, at eg var fullhuga paa aa gifte meg med ho, anten Far sa ja hel nei; Dick sa, eg gjorde Rett; - totte Dick var ein Kar med Kjennsle, - visste han var min fulltrugne Ven.
           
Kl. 2. Snudde heimatt: raaka velvyrde Frøken Aubrey i Selskapsrome; Mor og Bestemor i stort Stræv; var leid for at eg hadde kome inn; vilde draga meg unda og snaava over Miss Aubreys Kjælehund; Hunden ylte - Miss Aubrey kvein Mor skreik Bestemor skjellte: ynskte dei hell meg sjølv paa Bloksberg: freista aa slaa det burt i Skjemt vanlykktest, for ingen lo; hev aldri kjennt meg so toskutt, set so styven ut. Miss Aubrey reiste seg for aa gaa: bar Hunden hennar ned Trappi og langa dei baade inn i Vogni. (Tankesetel: Kalla aldri nokon Hund for Perle.)
           
Kl. 3. Hev vore i Skule hjaa Far, Mor og Bestemor; fekk tromma inn i Øyro mine, kor elskeleg Miss Aubrey var, og Eigedomanne hennar, og Arven hennar; stod paa, at eg ikkje kunde sjaa noko fyselegt ved ho; fekk til Svar av alle tri i stort Kor, at ho var verd seks tusen Pund for Aare; trudde, at seks tusen for Aare var meir enn ein gift Mand kunde ha Bruk for.
           
Kl. 5. Aat til Middags hjaa Farbror i Byen; eit Storlag mest gamle Folk alle over dei firti; ikkje eit einaste Emne paa Tale, som eg brydde meg Dusti um. Sat ved Bordenden. Side um Side med Farbror og skar fyre kvar einaste Rett for han. Hev aldri set Folk eta so sterkt fekk ikkje Tid til aa svelja ein Bite sjølv; skar ei for tjukk Skive Kjøt til ein aldrug Herre, som sat ovanfor meg; han rette hit Borddisken og bad meg um aa faa ei tunnare; raudna av Skamm og Harme, men sende han Kjøte og ei Mengd med Duppe; vart uppmoda av Farbror til aa drikke eit Glas, slog i Glase, og kom til aa støyte til Borddisken aat den gamalvorne Mannen med Aalbogen; Borddisken fall, tømde heile Innehalde sitt.Kjøt, Potetur, Duppe, i Fange aat den gamalvorne Mannen; trudde eg skulde ha døytt, men sette upp eit aalvorlegt Andlit og bad tusund Gonger um Orsaking. Drakk eit Dusin fulle Glas av Farbrors Claret etter Middagen, gjekk so fraa han og dei gamle Venenne hans og leet dei stelle som dei best kunde Resten av Kvellen.
           
Kl. 8. Gjekk i Theatere; visste, at Ellen Tracey var der med Moster si: kom meg inn i Rome deira. Ellen Tracey gjorde Rom til meg ved Sida av seg. - kjennde meg i den tredje Himelen. vilde ikkje ha bytt Plass med Kongen, um han hadde vore i Theatere. Saag Miss Aubrey i Rome rett imot, - totte, ho saag harm ut - brydde meg ikkje um det. Ellen saag ut til aa like seg. Stykkje var Venice preserved; saag Taarur i Augo aat Ellen, tenkte paa, korleids det kunde vore, um eg hadde fengje Lov til kysse dei burt; leidde Ellen og Moster hennar til Vogni; vart spurd, um eg vilde køyre med heim og eta tilkvells hjaa dei; gav meg knapt Tid til aa svara ja, men hoppa etter dei inn i Vogni som ein fljugande Merkur; hev aldri vore i slikt Gladlynne; var rædd, dei skulde tru, eg var full; totte Haare aat Ellen var meir smakfullt uppsett enn eg nokonsinn hadde set det; kor fagert dansa dei ljost-kastanjebrune Lokkanne yver dei myrkeblaa Augo. Sat hjaa dei til Moster hennar gav meg eit svært tydelegt Vink um, at det var Tid til aa koma seg avstad.
           
Kl. 12. Ein fortrollande Kvell; Maanen dragande seg yver ein skylaus Himmel; sette saman ein halv Sonnet, daa eg dreiv heimyver; gjekk framum Huse aat Dick Oliver; saag eit Ljos i Rome hans; tenkte paa, at eg vilde lyde innum, og at Dick var min beste - min allerbeste Ven; raaka han sitjande ved eit Glas Negus; vart yvertald til aa drikke litt med; tok uppatt Sonnetten. Dick lo, men eg visste han var ikkje nokon Domar yver Poesi; gjekk fraa han Kl. 2 um Morgonen; gjekk heim, la meg, sovna og drøymde um Ellen Tracey.
 
 
2dre Stykkje.
                                   
20de April 1871.
           
Kl. 8. Vart vekkt midt i ein koseleg Lur ved ei avstyggjeleg Ramling av ei forbanna Søplkjærre; høyrde samstundes Hesten kneggje like under Glase mitt og Søplmannen ringje med Klokka si av all si Livsens Magt og med utruleg Skamløyse; hadde Lyst til aa lade eit Par Pistolar og skjote baade Mannen og Hesten gjenom Hovude; var viss um, at eg ikkje vilde koma meg etter Kvekken paa ei heil Vike.
           
Kl. 10. Sette meg ned til Morgonmaale; aat ingenting; Braude var surt, Eggi rotne, Theen for tunn, Kaffien for sterk: kvakk, daa eg hugsa paa, det var sekstiende Fødselsdagen min; gjekk til Spegelen; trudde det maatte vera noko gale ved han, for største Luten av Haare synte seg graat, og Rukkur utan Tal viste seg paa Anlit og Panne.
           
Kl. 11. Tok fat paa nokre gamle Handskrifter; fann millom dei ein Lut av Dagboki mi, skrivi for mange Aar sia; las den Biten som var dagteikna 20de April 1831: undrast paa, at eg nokosinn kunde ha vore so vill og lettlynd, som den viste meg, at eg hadde vore; tenkte paa Far, Mor og Bestemor, som eg for lengje sia hadde lagt i Jordi, og kunde knapt halde meg fraa aa graate ved dei Minne, som soleids vart mana fram i Hugen min. Lae Aalbogen paa Borde, studde Hovude mot Haandi, leet uviljande att Augo og tenkte paa det framfarne Live som paa ein lang og uroleg Svevn; her og der rann ljose Ting fram, men dei, so væl som dei meir myrke og mindre hyggjelege Tilburder gjøymde seg snart i eit uklaart og uvisst Graaljos. Ei hugstur Kjennsle av Einsemd stal seg innpaa meg; eg kjennde at Hurra-Livssyne aat Ungdomen og Ungdomsgleda var gjengne burt for all Tid, daa
 
berre det aa vera,
aa leva, ande, høgste Live var.
 
           
Kl. 1. Baud dei aa kjøyre Giggen fram til Døri, sveipa meg inn i Overfrakken og kjøyrde ut paa Morgonturen min; hesten var helder kipen; sette meg fyre aa selja han aa kjøpe ein annan; møtte Hr. og Fru Oliver; gav ikkje Gaum etter nokon av dei, men kjende Hjarta slaa ujamnt i nokre Minut; fann at eg var i eit utmerkt Lag til aa verta Mannhatar. Naar ein Mann vert ein Narr av sine eigne villfarande Meiningar og falske Domar, skjeiver han ofte ut til aa verta ein Mannhatar, hipen etter aa hemne paa sine Medmenneskje den Vanlykka, som han biller seg inn, at dei og ikkje hans eigjen Daarskap hev ført han uppi. Kjennde likevæl, at mitt Mannehat hadde noko likt eit rettferdugt Grunnlag aa kvile paa. Det er visseleg hardt aa narrast av den, du held for din beste Ven, og sviken av den, som du hev samla all din Elsk um. Tenkte paa Bestemor; minntest, at eg ofte hadde fare altfor vyrdelaus aat med Raadi hennar; ynskte, at ho endaa maatte ha vore i Live, so eg kunde ha fortalt ho, korleids me heiltupp hadde same Tanken um Fru Oliver.
           
Kl. 3. Saag inn til Ættegravenne; stod ved Sida av Gravi aat Far, Mor, Bestemor og einaste Syster mi; greet ikkje, men bad aalvorlegt um snart aa maatte faa liggje Side um Side med dei; kjennde meg som um heile det fyrre Tilvære mitt hadde vore eit tomt Rom utan Tanke og Gjerning; tenkte paa, at den einaste trufaste og ærlege Ven, eg nokosinn hadde kjennt, var for lengje sia gjengen i Gravi, og at eg var laten tilbake som ein einsleg Vandrar utan eit Band, som kunde binde meg til Jordi; grunda over det falske i Ungdoms Voner. Ungdoms Kjærleik og Ungdoms Venskap; kjende noko likt Taarur trille nedover Kinnerne; stræva aa turke dei burt, men kunde ikkje.
           
Kl. 5. Aat til Middags med eit nygift Par; det var eit stort, gladvært Lag, men Brudi og den unge Brudgomen hennar tottest vera meir enn glade, dei saag ut som fullkomen lykkelege; dei hadde kjennt og elska kvarandre fraa Barndomen av; maatte mest ovunde dei og kunde ikkje bergje meg for aa tenkje berre ein Augneblink paa kva Ellen Tracey eingong var; aat ingenting; totte dei unge Folk var mykje staakande i Gleda si: kunde ikkje halde ut dei lydelege Utbrot av Laatt; tok burt til nokre gamle Damur for aa finne Fred. Fann. at dei alle med Hugnad agta paa, kor Born og Barneborn moroa seg; sukka djupt og freista aa stela meg burt umerkt; eg tarv ikkje segja freista; for faae visste, at eg var i Rome, og ingen sakna meg, daa eg gjekk.
           
Kl. 8. Gjekk av meg sjølv til Theatere, ein Stad eg altid likar meg. Lady Howard, fyrr Frøken Aubrey, var ved eit Hende i same Rome, som eg gjekk inn i; eg vart fagna høflegt - eg kann endaa segja hjartelegt, av baade henne og Mannen hennar. Lady Howard maa eingong ha vore heiltupp ei Dros; endaa no er ho ei fin yndefull Kone. Saag Dick Oliver og Ellen. Hr. og Fru Oliver, meiner eg, i Rome rett imot; totte ikkje, dei saag lykkelege ut; kjennde meg halvegs sinna paa meg sjølv, men kunde ikkje halde meg for aa ynke Ellen. Likte ikkje Stykkje; det var Venice preserved. Kanhende Spele ikkje var godt; Miss Kelly spela likvæl Belvidera; la Merke til, at Damunne aldri tenkjer paa aa graate Taarur no tildags. Venta ikkje for aa sjaa Etterstykkje.