Kva er "Humanitet."

Naar eg hev Vyrdnad og Medhug for det, som er godt og ærlegt, det vere litet elder stort; naar eg hev Sans og Syn for det som er fagert, sannt og naturlegt; naar eg forstend og dømer rettfærdigt um alt det, som Menn kann gjera, tenkja elder lida, det vere no godt elder vondt, - det er Humanitet.
           
Naar ein Mann er i Naud, og eg hjelper han, og hjelper han paa ein slik Maate, at han kann taka imot Hjelpi utan aa kjenna seg skjemd elder bøygd; naar ein Mann hev andre Meiningar enn eg, og eg forstend hans Standpunkt, og forstend, at han kann elder maa hava det Standpunktet, men eg vyrder Mannen like fullt, og er imot han som imot alle andre, - det er Humanitet.
           
Naar eg hev Tilføre til aa gjera eit laakt elder vondt Verk, som eg kunde hava stor Vinning av, og som eg visste at eg kunde gjera utan at nokon i Verdi fekk vita det, men eg likevæl ikkje kann gjera det, fordi eg kjenner med meg sjølv, at det ikkje er ærlegt; naar eg ser ein Mann, som fer stygt elder galet aat, elder er ein Skarv elder ein Brotsmann, og eg likevæl dømer han mildt, fordi eg forstend korleids han kann koma til aa fara slik, - det er Humanitet.
           
Naar eg er likso glad i det, som kann hjelpa andre fram i Vælvære, Mannsverd, Upplysning, Folkeskikk, - likso glad i det, som i min eigen Bate og eg altso fylgjer med i det aalmenne Samfundslivet og kanske arbeider med i det, og so vidt som eg kann, - det er Humanitet.
           
Naar eg i alle Ting held fast paa min fulle og ærlege Rett, men samstundes fullt ut vyrder andres Rett og aldri brukar Vald mot verjelause; naar eg til Vernd for meg sjølv og andre fører Krig mot alt, som er vondt, stygt elder faarlegt, so at dei vonde Magterne ingen Skade fær gjort, korkje paa Fe elder Folk, korkje paa Land elder Aandsutvikling, - det er Humanitet.
           
Naar eg liver fullt og sannt med i det store aalmenne Mannslivet og steller meg so, som det sømer seg Menn aa stella seg, - det er i ein Sum Humaniteten.
           
For aa kunna vera i full Meining human, maa eg hava Daning. Eg maa vita det, som Menn bør vita; eg maa kjenna dei store Natur- og Livs-og Samfundslogjerne; - daa fyrst kann eg naa upp til den fulle Forstaaelseav meg sjølv og andre, som er Humanitetens Grunnlag.
           
Raaskapen forstend ikkje so mykje at han kann vera human. Raaskapen bryr seg berre um seg sjølv, grev berre til seg sjølv, og trur, at han skal vinna mest med det baade strakst og i Lengdi, er like sæl um alt Samfundsliv og Aandsliv, dømer og fordømer alle framande Meiningar og alle, som ikkje er som Folk flest, hatar dei, som lid Naud, fordi dei er til Mein for andre, harmar seg yver alle Krav paa Framgang og Utvikling, fordi Framgang og Utvikling kostar Pengar og Arbeid.
           
Det er ikkje fritt for, at me kjenner litt til Raaskapen den Kjoleklædde som den Kufteklædde her i Landet og!