Budgettet 1881-1882.

[Del 1 av 2]
 
I.
           
Det vert sagt, at Regjeringi i Aar vilde leggja fram eit svært innknipt Budgett, spara alt, som sparast kunde fordi ho visste, at um ho ikkje gjorde det sjølv, so vilde Thinget gjera det, - og daa var det betre ho gjorde det sjølv, so fekk Thinget baade mindre aa segja og mindre Æra for det, som vart spart. Men dei, som sagde slikt, kjende ikkje Selmers Regjering. Selmers Regjering veit, at det duger ikkje aa vera bljug i denne Verdi. Pengar maa Ein hava, og Pengar fær Ein helst, naar Ein er djerv og gjeng paa. Kvi skulde Ein spara? Skulde Ein bry seg um Thinget kanskje? Elder skulde Ein bry seg um Folket? Massen? Veljarfeet? dei u-upplyste? Langtifraa. Korkje Thing elder Folk hev nokot her aa segja. Regjeringi hev absolut Veto og Veto i Pengesaker; dermed er ho trygg. Ho kann sitja so lengje ho vil og gjera som ho vil: det er ingen som kann gjera henne nokot for det. Kvi skulde ho so vera bljug? Kvi skulde ho spara?
           
Me skal sjaa sume Stader i det Budgettet, ho hev lagt fram, at det er reint som ho gjordest paa aa visa Thinget, kor lite ho bryr seg um det. Ho synest aa tru, at Storthinget alt hev vorte til slik ei magtlaus og uvyrdeleg Provinsforsamling, som det absolute Veto skulde gjera det til. Selmers Regjering hev i Stangs Skule gløymt sjølve Grunnarne i det konstitutionelle Livet.
                         
 
2.
           
Til Riksutgifter i 1881-82 krev Regjeringi Kr. 46,700,000.
Ifjor kravde ho Kr. 45,500,000. I 1879 kravde ho Kr. 46,000,000.
Iaar altso 700,000 Kr. meir enn i 1879 og 1,200,000 Kr. meir enn ifjor.
Det veks!
           
Dersom det no endaa vaks paa rette Kanten, d. e. dersom det var Utgifterne til aalmenngagnlege Tiltak og nyttige Verk, som vaks! Men det veks nok fullt so fort paa den andre Kanten.
           
Den 31te December 1880 var der i Rikskassa væl 7 Millionar Krunur.
           
Men ikkje ein Skilling av dei var Statens eigne. Det var laante Pengar, som oprindelig var bestemte til Fremme av Jernveisanlæg m. V. d. v. s., til nye landsgagnlege Tiltak, men som no maa øydast burt til vanlege Riksutgifter.
           
Og ikkje nok med det.
           
Regjeringi kjem fram i Aar og med det Forslaget, at Staten skal laana 5 Millionar, - 5 Millionar til! dersom det skulde visa seg, at Riksinntekterne ikkje gjev so mykje av seg som Selmers Regjering hev tenkt seg til aa bruka.
           
So langt er me komne. Landet maa til daglegt Bruk liva paa Laan. laane seg Maten til Munns aa kalla for; og endaa bryr ikkje Selmers Regjering seg um aa spara; nei tvertimot! Berre Pengar, det same kor me fær dei ifraa! Fyrst ventar ho ymse Toll- Paalegg (minst 40,000 Kr.) so vil ho hava nye Skattar (Kr. 2,300,000); og dersom ikkje dei helder skulde strekkja til for det er uvisst um Regjeringi hjelper seg med dei Pengarne ho krev; me skal væl halda paa med Overskridelser endaa ei Stund -, dersom det alt ihop vert for litet for Selmers Regjering, so skal Staten laana 5 Millionar til.
           
Riksskuldi er no, som me veit, yver 121 Millionar. Rentur og Avdrag av denne Skuldi krev no nærepaa 6 Millionar um Aaret.
           
Men Selmers Regjering vil hava Pengar. Det er det, det kjem an paa. Storthinget fær naturlegvis bevilga. Toll, ny Toll, Skattar, nye Skattar, - og naar alt er upp-etet:
           
- Laan! nye Laan! -
             
3.
           
Til Utgifter krev Regjeringi som sagt: Kr. 46,700,000.
           
Inntekterne reknar ho til: Kr. 18,911,000; dessutan indirekte Skattar til: Kr. 25,489,000, og so nye Skattar: Kr. 2,300,000.
           
Set me Folkemengdi i Landet til 2 Millionar, so vil den nye Skatten gjeva ei Utgift av 1 Kr. 15 Ø. um Aaret paa kvar.
           
Storthinget hev og voret med paa aa faa direkte Skatt. Men daa var det Tanken, at Tollen skulde minka, so det kunde verta litt billegare aa liva for fatikt Folk. Men no skal me hava minst 40,000 Krunurs Paalegg i Toll, og so store nye Skattar attpaa!
           
Selmers Regjering trur, at ho kann fara aat mot dette Folket, som ho vil.
           
Elder og innbiller ho seg, at ho er so yver Maate folkekjær, at kvar Mann med Gleda vil ofra sine fatike Skillingar til Hjelp for henne og Vetopolitikken.
           
Me fær no sjaa, kva Storthinget vil segja til godt!
 
                         
4.
           
Storthinget hev ikkje mange Grunnar til aa vera blid mot Selmers Regjering.
           
Det hadde ikkje mange Grunnar fraa fyrr; men det hev endaa færre no, - Men dess fleire Grunnar til aa sjaa og faa Selmer med heile hans Fylgje paa Dør! Og av dei Grunnarne vert her nok fleire og fleire.
           
Eit slikt Styre og eit slikt Stell gjeng ikkje an i eit fritt Land. Det er ikkje nok med Skaden; men det er Skammi attpaa.
           
Sjaa no som dette, me her skal fortelja!
           
Det hev voret arbeidt lengje med denne Tanken um direkte Skatt. Du hugsar Skattekommissionen og heile den Striden. Regjeringi hev haldet paa eit System, men Storthinget paa eit annat. Regjeringi vilde repartera Skatten. dvs. kvart Distrikt skulde faa sin visse Sum aa betala, og den Summen skulde daa liknast ut paa Innbuarne i Distriktet etter Folkemengd, Skatteevne, Matrikelskuld o. m.; men Storthinget vilde hava Procentskatt, dvs. kvar Mann i Riket skulde betala etter sin Skatte-Evne og etter den same Likningsregelen for alle. Enden paa Striden vart, at Storthinget sette sin Vilje igjenom; Skattelogi vart bygd paa Procentskatt-Tanken, og Kongen stadfeste denne Logi etter Innstilling fraa Regjeringi.
           
Dette hende ifjor Sumar. Det er no godt og væl eit halvt Aar sidan.
           
No eit halvt Aars Tid etter kjem den same Regjeringi so paa Lag den same daa og segjer: Me tykkjest ikkje kunna bruka det Procentsystemet; me vil hava vaart Repartitionssystem like godt. Storthinget som hev arbeidt so lengje og aalvorlegt for aa faa Procentsystemet godkjennt, Storthinget, som trur at Procentsystemet er det einaste, som er rettferdigt og forsvarlegt, og som paa ingen Maate vil hava Repartitionssystemet. Storthinget lyt no, meiner Regjeringi, gjera eit Tillegg til Logi fraa ifjor, og setja Repartitionssystemet inn med Sida av Procentsystemet, so at Regjeringi kann faa bruka det likevæl, endaa Storthinget ikkje paa nokon Maate vil hava det.
           
- Dette vaagar Regjeringi aa koma med! Og ho vaagar koma med det no!
           
Det ser ut som Regjeringi vil gjevaStorthinget Tilføre til aa segja henne Nei og visa henne Mistillit, for at ho so sidan kann visa, at ho sit og styrer like godt.                                 
 
( Meir).