[Tvo gode og naudsynlege Ting...]

Tvo gode og naudsynlege Ting vil Storthinget i Aar faa Høve til aa gjera, um Gjetordet ikkje lyg. Den eine er: aa uppretta ein Professorpost i Norsk, den andre er: aa hjelpa til med, at Landet kann faa ei Bibelumskrift paa det norske Tungemaalet.
           
Professorposten hev det lengje voret tenkt paa. Og det er ei Skam for Norigs Høgskule, at han hev Lærarpostar i mest alle evropeiske Maal, tilmed i Finsk og Lappisk, men endaa ikkje nokon i Norsk. Det vil altso vera ein sjølvsagt Ting, at Storthinget no fær den Saki i Skikk.
           
Men er det ei Skam, at Høgskulen ikkje hev nokon Lærarpost i Norsk, so er det mest endaa verre Skam, og det for heile Landet, at me enno ikkje hev Bibelen paa Folkets Maal. Bibelen er no umsett paa snartsagt alle kjende Tungemaal, endaa dei mest barbariske. Nordmennerne aaleine finn seg i, at deira Tungemaal vert haldet for aa vera for simpelt og uverdigt til aa tolka dei bibelske Tankar. Me maa koma burt fraa slikt. Er det Aalvoret vaart, at me vil vera ein sjølvstendig Nation, so fær me og gjera Aalvor av aa reisa Nationens gamle fagre Tungemaal; - men for aa reisa det, maa me hava Bibelen.
           
I ei Tid som denne, daa eit unationalt Faatal so vyrdlaust driv paa med sin ufolkelege Politikk, vil det vera serleg godt, at Thinget paa si Sida viser, at der og er Aalvor i dess nationale Politikk. Me kann difor ikkje tvila paa, at Thinget av 1881 med Gleda vil gjeva Norig sin norske Bibel.