"Sindigt".

(Slutt.)
 
Der er ein annan Maate og aa vera sindig paa, og den er ikkje helder so galen.
           
Naar Yngvar Nilsen bed um 600 Kr., og Regjeringi set Summen ned til 200 Kr., so skal Storthinget nok segja ja; men det skal fyrst knipa Talet ned til f. Ex. 150 Kr.
           
Denne Knipingi i smaatt er mykje gagnleg. For det fyrste sparar Ein litt. Og for det andre skræmer Ein Ingen. Dersom Storthinget vilde vera ubesindigt og segja plent nei til alle nye Krav fraa Regjeringi, so kunde Høgremennerne verta rædde og tilslutt reint uppgjeva Motstanden mot Storthinget! Men naar Storthinget gjev dei so nokonlunde det dei vil hava, men berre kniper inn litt paa Summarne, so vert Ingen rædd. Dei vert berre litt arge, - og det kann daa aldri gjera vondt aa erta dei litt!
           
 
Dei radikale i Storthinget og utanfor det vil naturlegvis gjeva Thinget reint andre Raader.
           
Thinget skal ikkje gjeva ein einaste Skilling til desse Folk, meir enn det, som er plent naudsynlegt, vil dei segja.
           
Naar Regjeringi kjem fram med nye Krav, elder sender fram Søknadar fraa Embættsmenn elder andre, so skal Thinget segja som so: Me hev ikkje Tillit til Styret og ikkje Tillit til Styrets Folk, helder ikkje hev me Tillit til den Maaten det arbeider paa i nokon Ting, og difor, so lengje dette Styret stend ikkje ein Skilling!
           
Er det nokon, som synest han hev for lite Løn, - han fær venta, til det kjem eit nytt Styre. Er det ein, som finn, at han hev meir Arbeid enn han kann raa med aaleine, - han fær træla med det so godt han kann, - til dess her kjem eit nytt Styre! Storthinget hev ikkje Rett til aa gjera annat. Storthinget hev ikkje Rett til aa taka Landsens Pengar og gjeva burt til Hjelp for ein Politikk, som det sjølv held for landsskadeleg og fridomsfaarleg.
           
Og kvar Skilling, som Regjeringi gjev ut meir enn der er bevilgat til Andsvar! Ikkje Naade for ei einaste Yverskriding! Og naar Ministeren kjem til Thinget og bed um aa faa sleppa aa betala tilbake det han hev øydt upp utan Lov av Bevilgningsmagti, so Nei. Utan Naade og utan Undantak: Nei! Dei Herrar maa faa kjenna, kva det hev paa seg aa vilja styra eit Land utan aa eiga Folkets Tillit.
           
Thinget skal gjera so, og det skal beint og greidt segja, kvifor det gjer det. Det skal segja det sjølv, so slepp Morgenbladet aa segja det. Det gjev Age dette: aa vera sterk nok til aa segja beint ut, kva Ein vil.
           
Dei vil skrika ei Stund. Men held Thinget rolegt fram paa same Maaten, so vil dei verta rædde. Dei vil forstaa, at no er det Aalvor. Og Regjeringi vil og forstaa det. Ingen livande Mann vil kunna vera Minister paa slike Vilkor. Og daa vil Thinget og Folket endeleg naa sin Rett.
           
So vil dei Radikale tala.
           
Men dersom Thinget fylgjer deira Raad . . . ja daa kom her til aa sjaa ut i Landet!
           
Nei. Sindighed, Sindighed, - det er det einaste og det greidaste. Morgenbladet og Gjengangeren vil skjella like godt. Men det vert daa ikkje verre enn det hev voret. Og so kanskje ein kunde vinna ein og annan Høgremann. . . .
 
           
Um Regjeringi, som altso kjem i Aar med paa Lag dei same Krav som vanlegt eg lætst som Inkje var, - um Regjeringi vil eg berre segja, at ho visst ikkje er so dum som ho ser ut til.    
Det er slik, Ein skal gjera det! Vaaga dei sværaste Varp, reisa mest heile Folket imot seg i ein einaste stor Protest, men sitja like godt, - og so koma stigande med det rolegaste Andlit og krevja Studnad av Folket, plent liksom ingen Ting var i Vegen! Det er ein Djervskap, som er so klok, at han vert genial. Thinget vil fjetrast ved dette. Det vil magtstelast. Budgettet ser so skuldlaust ut, hev slikt eit godt Samvit yver alle sine Rader og Tal, at Thinget reint vil gløyma, at det hev Strid med Regjeringi.
 
Slik skal Ein gjera det! Vaaga i Veg med kva som helst. men berre vera like roleg. Ikkje laatst som nokon Ting. Stiga paa, og halda fram, energisk som ein Klegg, roleg som Marmor. Kanskje det er det, som i rette Røyndi er aa vera sindig?
           
Det er greidt aa sjaa kva Regjeringi tenkjer. Ho liter paa, at dei liberale ikkje kann halda seg samde.            
 
Det var det, Regjeringi leit paa ifjor og, daa ho lagde fram det absolute Veto. Det gjeng; Bønderne vert ikkje einige, tenkte Regjeringi.
           
Ho reknad galet ifjor. Hev ho reknad rett i Aar?
           
- Budgettet vert teket Post for Post. No er det ein Thingmann, som finn ein Post framifraa vigtig; den lyt Regjeringi faa. So er det ein annan Thingmann, som finn ein annan Post vigtig; den lyt altso Regjeringi og faa. Og rundt ikring gjeng Høgremenner og agiterar og manøvrerar og gjer Kompromiss; Bisp Nikolas hjelper til. han hev si Gonga der i Korridorarne. Og so gjeld det, um dei Herrar liberale kann halda seg faste, og um dei er fullt klaare um den rette Maaten aa visa seg sindige paa!
           
- Regjeringi reknad galet ifjor. Enn um det viste seg, at ho hadde reknat galet i Aar med?