Utlandet.

I Frankrike hev det folkat paa seg litet. Marskalken hadde andre Gongen teket til aa tinga med Dufaure og Ting-Fleirtalet; men det vart til inkjes, fyredi – heitest det – at Dufaure ikkje vilde lata honom sjølv velja Utriks-, Krigs- og Marineministrar. Det er elles trulegt, at dette var berre ein Skalkegrunn, for det er likt til, at dei konservative daa eit Bil hadde paa nytt Lag fenget Yverveldet yver den raadville Mannen. Han vende seg deretter aat Batbie, Medlem av det konstitutionelle Serlaget i Senatet, fyr aa faa i Stand eit Riksraad, som kunde vera viljugt til aa senda Folketinget heimatter, og som iminsto kunde reikna paa aa hava eit Fleirtal med seg i Senatet; men ogso denne Raadgjerdi rauk, og so laut Marskalken ganga til Dufaure atter, og honom hev det just idag lukkast aa faa saman eit heilt republikansk Ministerium.
 
Tyskland. Bismarck hev sendt Kjeisaren det Bodet, at han er so sjuk, at han ikkje kann taka atter Embættet sitt paa lenge enno. Det skal vera Meiningi hans aa nøyda Kjeisaren til aa kasta Avskil paa sume av Ministrom, som Bismarck ikkje kann semjast med.
 
Krigen. I den Ulukka, som hev fylgt Tyrken i dei sidste Tider, var det som eit litet Upplette, daa Austheren under Suleiman Pasja sidst i November vann ein Siger ved Elena, eit vigtugt Stelle, som dermed fall i hans Hender; hadde Turkarne kunnat nøyta denne Sigren so, som Meiningi var, kunde det vortet ikkje litet meinsamt fyr Ryssom. Suleiman ætlad seg til Tirnova, og fyrst han hadde fenget denne faste Staden i sitt Vald, so kunde han drivet Ryssarne utor Balkan trengjorne, der dei no hev haldet ein heil turkisk Her fastbunden i lange Tider; men han hev snutt um og hopat atter til Rasgrad. – Men dei Voner, som Sigren ved Elena kann hava vakt hjaa Turkom, hev fenget eit braadt Nedslag med det, at Plevna hev roket, - eit Hende, som ikkje kom uventande, likevel. Maandags Morgonen, den 10de December, braut Osman Pasja med Heren sin ut paa Vestleidi aat Plevna, slapp yver Vid-Elvi og tok eit Feste paa Vegen til Viddin; men Ryssarne og Rumænarue kom til fraa Nord sida, og det bar ihop i ein Bardage, som stod i 5 Timar; daa vilde Osman søkja attende aat Plevna, men Ryssarne hadde daa alt sloppet inn, og sjølv saarad gav han seg yver med heile Heren, som no trulege var ikring 40,000 Mann sterk. Det var Sulten, meir enn Ryssen, som hadde vunnet paa Osman "den sigersæle." Baade Kjeis aren av Ryssland og Fyrsten av Rumænia hev vitjat honom og synt honom Vyrdnad fyr hans Djervskap. At Freden med dette Hende er komen nærare er greidt nog, men Ryssen er meint paa aa herda paa med Ufred frametter, um det og kjem til Fredstinging. – Den 13de December opnad Sultanen det turkiske Rikstinget med ein Trontale. Han lovad framleides Umbøter, som skulde setja alle hans Undergjevne paa lik Fot, og manad til aa halda fram med Offer fyr aa verja Fedrelandet.
 
England. Times aatvarar mot allslags Upp styr og Framsyning, som kann narra Tyrken til aa reikna paa engelsk Hjelp; England vil aldri ganga imillom fyr aa hjelpa Porten til aa halda paa dei tvo europæiske Provinsarne. Den engelske Krigsministeren Hardy heldt den 12te December ein Tale aat eit Arbeidarmøte i Edinburgh, og i den Talen sagde han: Landet vil nøyta alle sine Krafter til aa verja Englands Interesse mot Aagrip. Det at Plevna er teket, vil vonlege føra til Fred; men han kunde ikkje tru, at det vert nokon Fred, utans England gjeng imillom.
 
Austrike. Den 5te December kom dei austrik-ungarske Delegationar (Utval utor kvart Riks ting) saman i Wien. Utriksministeren Andrassy heldt ein Tale i Finansnemndi, som det hev voret lagt myket Mark paa. Det var einkvar, som klan drad Utrikspolitiken og sagde, at denne hadde gjort so myket, at Austrike no ikkje hadde meir aa segja i det austerlanske Spursmaal. Dertil svarad Andrassy, at det hadde seg beint motsett. "Heile Europa – sagde han – hev gjevet oss det Lov, at vaar Politik er greid og stød; um sume Ting menner meiner nokot annat, er ikkje det Styret si Skuld; Austrike hev ei avgjerande Stelling i det austerlendske Spursmaal, men vil i si Framferd berre ganga etter det, som er gagnlegt fyr Austrike". Det er i det heile ikkje litet Misnøgje med Andrassys Politik; men dei kann nog vera, at det er den einaste, som hev voret mogleg.
 

Frå Fedraheimen 15.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum