Til G-p i Telemarkji.

Det gjekk so til, at eg inkji kom til aa faa sjaa No. 4 av "Fedraheimen" fyrr no nyss, og det gleda meg med det same, at Bladi alt hadde fengji Brev fraa Thelemarkji, avdi eg er nokot kjende der eg og, maavita. Eg tok daa til aa lesa, og etter kvart som eg las, so tott eg, at Maali og Maalføri fyr det meste falt so heimelegt, at det var inkji so lengje fyr eg tenkte: detti maa plent vera fraa ein Sambygding, og det er som det skal vera, at me inkji er burte fraa Blode me heller. Men daa eg so hadde lesi ut, undrast eg paa, at vituge Folk kan sjaa so uhorveleg gali, naar det gjell Uplysning, og hellest vera kloke nok i andre Vegjer; og eg tenkte med meg: du lyt plent sjaa til aa rette paa nokot av detti om Up lysning, Skular og Skulemeistarar, fyrr at Folk inkji skal tru, at det er med desse Ting i øvri Thelemarkji, som det luad i detti Brevi. Eg maatte lesa det yvir ei Vende til, avdi Tankarne laag nokot um kvarandre og hellest var nokot flokutte, so eg inkji kann taka dei, som dei kom, men meir yver eit.
 
Brevskrivaren undrast paa, kvat Fremmindkarar segja, naar det ender og daa vert ymta om, at Bøndarne, i dei øvste Bygdar av Thelemarkji er fyr det meste væl upplyste. Dertil kan eg svara, at dei Fremmindkarar, som fylgjer med Landet i Upplysningsvegjen, dei vita, at det er so, og at det inkji er nokot, som me berre vil innbilda dei. Det er ataat ei gomol Røynsla, at den aalmenne Upplysning inkji er best i Byar og Breibygdar, men den kan kanskji med Tidi verte det, avdi desse driv no hardt paa med alleslags Skular, og hava den Peningsmakti, som maa til.
 
Vidare segjer han, at: "me strævar me konn og vil lære;" men kvorkji Kveldskularne eller Statsskularne er tillags fyr honom. Han vil nok Maa let paa ein Maati, men inkji Midlarne, daa vist inkji dei Midlar, som no fyr Tidi er fyr Haand. Det er liksom at han med Saknad tenkjer paa den Tidi, daa borni vardt heimelærde, og minner om det, framom Skularne, og segjer hugheilt: "at de Borne inkji fær i seg av Kristendomen heime, det fær dei inkji i seg i Skulen." Detti maa eg segja, at eg slettinkji skjynar, daa det attaat tidom verdt røynt av Skulemeistarar, at Foreldri no fyr Tidi gjeva upp sine born til Skulen, kanskji meir enn godt gjere; men det skal difyr ingen med Sanning konne segja, at Borni difyr inkji fær nokot i seg av Kristendomen; dei er Vani aa standa seg godt paa Kjyrkjegolvi. Paa ein annan Stad segjer Brevskrivaren: "Lat vera, at det kan lykkast aa lære Borne nokre tungvinnte Reiknemaatar, som dei fær liti Bruk fe" o.s.v. Denne Tankemaaten er og svært gamaldags, at naar ein inkji fær Bruk fyr alt det ein hever lært, so løner det seg inkji. Skulde ein inkji lesa og læra meir enn nettupp det som ein hadde naudsamelegt Bruk fyr, so kom inkji Upplysningi stort høgri enn som til Haand verk, og dersom Bonden vart upplærde til aa tenkje so, so kom han vel til aa segja fraa seg meste Deilen, og Villmanskapen vilde snart auka seg uppatter.
 
Om Kveldskularne trur Brevskrivaren, at dei felar Alt, avdi der møter fram baadi Likt og Ulikt. Det kan so vera, at det inkji er so greit fyr Skulemeistaren daa aa gjera alle tilnøgs, han er fyr myket vande til aa tala til Born og inkji til Vaksne, men nokot læra dei daa altid. Og so er Kveldskulen ein høveleg Maati til Samkoma fyr Unglyren. Unglyren maa stundom koma saman, og paa Kveldskulen kan dei sjaa paa kvorandre, og etter Vegjen kan dei tala med kvorandre, og detti er betre enn aa møtast til Drykkjelag og Flon semoro.
 
Einstad segjer han om Kristendomen, at den er "det Fag, som er so uhorveleg myket vigtugare hell alle hine ihop, at ein alvorlege Lærare mest maa halda det fe de einaste vigtuge." Detti er baadi sannt og inkji sannt, men det høyrest so godt altsaman. Som me vita, so er Kristendomen det vigtugaste, "det einaste Naudturvelege," men difyr inkji det einaste, som maa og skal lærast, - og paa Skularne i Thelemarkji halda dei seg vel, som paa andre Stadar, etter Skulelogi, og læra mangt annat, og som eg trur, til Bati fyr seg. Ein kan vist utan Synd læra so myket ein vil, naar berre Kristendomen gjeng gjenom Alt, og soleids ogso i Livet.
 
Brevskrivaren meinar vidare, at inkji alle dei, som er Skulemeistarar: "hev Guds Kall te aa vera de," og at inkji Aabyrgsla er lagt paa alle av Gud: "fe daa var der Velsignelse i de," det er difyr; "sletinkji sagt, at det var Guds Tankar og Vilji at Skulen sille arte seg so, som den hev gjort hjaa okkon." Eg trur, at ingen kan taka seg fram til aa verta Skulemeistare, og om so var, so var der vel enndaa Velsignelse i det Gode, han utretta, om han so hadde tekjet Aabyrgsla paa seg sjølv, men som sagt, det trur eg ingen kann.
 
Aalmugskulen i Thelemarkji artar seg etter Folkji og minder etter Skulemeistararne, avdi desse er av deires eigne Gutar, og Skulen ligg i det Heile so tett, innaat Folkji, at han inkji fær arte seg i nokon Mun, vidare en som Folkji sjølv vil. At mangein Skulemeistare trøytnar, av er sannt nok, naar han ser, at han inkje fær utretta nokot tilgagns; men Folkji ber enndaa taka til, at der finns dei, som inkji vatvila, men halda ut paa ein Yrkjeplass, der Gagni kjem fyrst lengji etter paa, og der andre tykjer der er fyrliti aa tene baade av Fe og Fregd.
 

Frå Fedraheimen 15.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum