Slengjetankar.

Den store motstrævaren og heime-dansken Hartvig Lassen er altid so fim til å kalla "Mål strævet" fyr ein "Børnesygdom." Eg fyr min part vil – på likso god Dansk – kalla Hr. Lassens motstræv fyr ei – Alderdomssvaghed.
 
Det er sagt um Britarne, at "kvar av desse øybuarne sjølv er ei øy." Um Nordmennerne kann Ein segja, at kvar av desse bergbuarne sjølv er eit berg. - Ikkje fyr di dei er nokot framifrå støde; men meir fyr di dei er so merkjeleg "sta'e."
 
Det norske målet må, som alle andre bok mål, vera form fyr eit åndsliv. Dermed er det eit norskt åndsliv, me strævar å hjelpa upp. Gjorde me sjølve (tunge-)målet til (fyre-)mål, so kom me aldri til (ende-)målet!
 
Hoss skal du fara åt, når du vil læra upp eit barn til å verta ein skarv? - Du skal jamt og samt fortelja barnet, at det er ein skarv.
 

Frå Fedraheimen 15.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum