Skildringar fraa Italia.

(Ved Kristofer Janson).
 
III.
Um den katolske Kyrkja og det katolske Kyrkjestellet.
 
[Del 8 av 25. Fyrste delen.]
 
Naar eg no vil skriva litet um den katolske Kyrkja og Stellet hernede, og i mangt kannhenda tykkjast hard i min Dom, vil eg beda dykk alle hugsa paa, at med alt dette range, er Katolikarne likavel vaare kristelege Brøder. Dei standa paa same kristelege Grunnen som me, have same Tru, same Daap, same Nattverd, um dei enn uttyda mangt paa annan Maate enn me gjera. Og detta skal me halda fast, kor galet det i mangt ser ut. Naar ein tred inn i dei katolske Kyrkjorna hernede, verd ein reint handfallen over all den Rikdomen, som her er samlad. Husi er gilde og store, prydde med Steinstolpar og Bilætstyttor og bygde so sterke og faste, at dei kunde synast trassa baade Tid og Æva. Du gjeng paa det finaste og dyraste Marmorgolv, lagt i Rutor og Ritningar. Dei fagraste Sulor av Marmor, av Granit, av Porfyr, av Alabaster bera den høge Himlingen, som er utkrotad med Gull, med glimande Steinar, med dei fagraste Maalarverk. Kyrkjorna hava som oftaste try store Skip, skilde fraa kvarandre ved Sulerader. Midtskipet er daa det breidaste. Paa Langveggjom aat baade Sideskip er det innbygt store Grop (Nischer), der Altar stend paa Altar med brennande Ljos elder Lampar, prydt med Ut krotingar, med Maalarstykke, med Bilæte av Guds moder og av Kristus, og med Blomar. Under desse Altari kvila daa som tidaste Beini etter eit elder annat Heilagmenne. Rundt ikring paa Veggjom er dessutan store Gravmæle innmurade, gjorte av det dyraste Marmor, der Pavar elder Kardinalar (dei høgaste Biskoparne næst Paven) elder andre Storfolk liggja, og som ofta er hogne ved dei største Bilæthoggarar, Verdi heve aatt. Fleire av desse Kyrkjor kosta mange, mange Millionar Dalar, og paa slike som Peterskyrkja hava dei no bygt i fleire hundrad Aar, og endaa er ho inkje ferdug. Ein skulde tru, at ein laut hyggja seg baade godt og vel inne i desse dyre Kyrkjor, men inkje kann eg segja, at eg det gjerer. Ingen Stad i Verdi heve eg soleides lengtat heim til mi bljuge Kyrkja med hennar Salmesong og endeframme Gudstenesta som nett her. Ein kryp som ein vesall Maur i det uhorvelege Rumet. Her er so kaldt, so audt, so tomt. Var her enn samnade eit Par Tusund, munar det inkjevetta, det er som Dropen i Havet. Og so er her sjeldan elder aldri Preika, so syng inkje Aalmugen med, so gjeng berre Presten der framfyre Altaret og skifter Skrud og murrar Bøner og dreg med Bibel- elder Bønebok fraa eine Sida aat Altaret til hi, og nig i Golvet og sprett upp atter og kysser Altar og Kross, og svingar Skaali med Røykverk og nigatter og bøygjer Kne. Og rundt ikring paa Golvet liggja nokre slengde, som remsa Bøner, so snøgt berre Munnen kann renna, for det gjeld um at faa eit visst Tal med Bøner lesne kvar Dag. Og millom deim skrida daa Fra mandfolk, som er komne langveges fraa og skal sjaa Kyrkja, og dei standa daa og glaapa uppetter og nedetter Veggjom med Glasaugo og Kikarar og snakka høgt seg imillom. Og koma dei so framum ei eldre onnor Skarvakjering, som ligg og bed med Varmepotta millom Fingrom, so er inkje ho mætare, enn at ho strakst tagnar, retter Hondi ut og tiggar um ein Skilling. Og so renn Munnen likso snøgt atter, med ho skjeglar kring seg etter nye Emne til at slaa Kloi i. Og so høyrde eg ein, som sjølv var Katolik, segja, at ein kann vera viss um, at dei, som slæpa seg fram paa Kne og paa Armar, so reint audmjuke, so dei snaudt vaaga sjaa paa Fellingarne i Golvet ein Gong, som kyssa paa Al tarknefallet og Bilætet av Apostlarne og dei heilage med graatande Augo og Hovudet paa Skakke, - ein kann vera viss um, at dei antenhavagjort eitkvart ilt eldervilgjera det. Eg vardt so vond i Hjartat av at ssaa og høyra alt detta, at eg inkje fekk Fred, fyrr eg hadde givet meg Luft i eit Dikt, og so skreiv eg:
 
Tankar i ei katolsk Kyrkja.
 
So her er Huset fyr vaar Gud,
ein Skog av Sulor mest,
eit Marmorhav, ei krotad Bud
fyr Maalarstykke, fagre Skrud,
og med ein gullsveipt Prest.
 
So her skal Sjæli, særd og sjuk,
faa Kvila, finna Hamn,
skal triva etter Naadsens Duk,
og daudrædd høyra Røysti mjuk:
"kom i min Frelsarfamn!"
 
So tyrsta dei daa desse vel,
som standa her so raust,
og spyrja etter Rafael 1)
og tøygja, glo seg mest i Hel,
og ropa: "makalaust!"
 
So skjelva dei, som lik ein Hund
seg slæpa fram paa Kne,
som remsa Bøner med sin Munn
men gjerna stela same Stund
ein Stein er Krossens Tre?
 
Er detta stort? ein Stakarsdom,
som trur at han er rik,
glimande Skal, men inni tom,
ein væn Ruin, som heile Rom,
ein Kristendom i Lik.
 
Skal tru, at Gud almegtug kann
her finna reiu si Brud?
han er daa gjord til Dokkemann,
og Hopen bøygjer Hovud han
fyr Kunsti som sin Gud.
 
Nei daa eg veit ein Kvelv, som steig
meir høgt, med finar Skrud,
eit Hjarta som i Moldi neig,
som veit, at sjølv detinkjeeig,
men do eigalti Gud.
 
Og daa meir rikt eit Hus eg veit,
ei Kyrkja, ring og trong,
der Andagt gjerer Sjæli heit,
og alle Hjarto ero eit
i Bøner og i Song.
 
Der gjerer Gud sjølv Kyrkja stor,
av Rikdom henne full,
og kvat er best? hans varme Ord,
hans Daap og dyre Nattverdbord,
kvat? elder Stein og Gull?
 
1) Ein namngjeten Maalar
 
 
Naar ein heve voret lengre Tid dernede, skriv ein inkje slikt hardt Dikt. Mangt av det, som syntest ein stygt og underlegt i fyrsto, av di ein inkje var van med det, det vinn meir og meir, ettersom ein lærer det at kjenna, og sidstpaa fær ein det kjært i mange Stykke. Det er mange av dei katolske Skikkerna, me hadde godt av at taka etter. Soleides likad eg godt, at dei stakk Fingren nedi Vigselvatn, som altid stend i eit Marmorfat med Ingongsporten, og krossad seg med det paa Skalle og Bringa, kvar Gong dei steig inn i Kyrkja. Det er, som dei vilde i Gjerning beda: "Herre Gud, tvaa meg rein i min Hug og i mitt Hjarta, at eg kann høyra paa Songen og sjaa den heilage Messa med rein Sjæl i Dag."
 
Og so var her inkje Skil paa Rikfolk og Fatigfolk, paa Bymann og Bonde her i Guds Hus, soleides som ofta heima hjaa oss. Her legg Prinsessa i den gloande Silkekjolen og det lange Drag set seg ned paa Kne Sida um Sida med den lar vutte Tiggaren og bed si Bøn, medan dei heima hava bygt upp store Baasar med Laas fyre paa Kyrkjegolvet og segja: "her kann du sleppa inn og sitja, du som kann bitala so og so myket; men du, som inkje er god til det, du skal stauda. Um du er sjuk elder gamall, det fær vera det same, standa skal du lel, for det maa daa vera Skil paa Fant og Fagnamann."                                               
 
( Meir.)  
 

Frå Fedraheimen 15.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum