Lysingar.

"Fedraheimen"
kjem ut fraa Nyaaret 1878 under same Styret som fyrr, og med den same Grunntanken. Det legg seg i det Heile etter aa vera eit godt Folkeblad paa norskt Maal.
 
Um Tingartalet vil auka nokot skikkeleg, er det Meiningi, at Bladet skal veksa. Og daa vil me bl. A. sjaa til aa faa ein fast Skule-Artikkel i Bladet, so Lærarstan det kunde faa Høve til aa samla seg meir mannsterk um "Fedraheimen."
 
Prisen vert fraa Nyaar av:Kr. 1,10 (ikkje Kr. 1,20 som no), fyr Fjordungaaret, med Postpengar og alt. Blaadet fær daa sin eigen Ekspeditør, so me vonar, at Tingararne skal faa Bladet nokot vissare enn som no, daa Posten ekspederar det. Det nyttar aldri aa tinga Bladet, utan ein sender Pengar med same.
 
Dei som no er Tingarar, maa strakstsenda Pengarne fyr neste Fjordungaaretdersom dei ikkje vil, at Bladsen dingi skal sluta til Nyaaret.
 
 
Fraa By og Bygd,
Maanadskrift aat Vestmannalaget, kjem ut i Bergen med eit Nummer paa 16 Sidor Oktav kvar Maanad. Det kostar 2 Krunor Aargangen, fritt send med Posten, og kann tingast paa alle Posthus i Landet og i Bergen hjaa Kasseraren i Vestmannalaget, Olav Paulson.
 
Innhald 1877: Til Lesararne. Fraa Telemork. Smaa stykke fra Dalarne. I, II. Nebraska (Fortelnad etter Gerstäcker). Smaanøgdi og Stortorvi. Ho Hamars Brynhild. Framgang i Landet. Kunsten at skriva. Til Maalmenn erne. Ute paa ville Havet. Rafteseten. Jonsok-Kvelden. Fodernaudi. Ein Brotsmann etter tapad Æra. Kor ligg Leidi? Eit Tilsvar. Olav, Son min. Ymist. Um Arbeidets Adelskap. Svar til Hr. L. Holst. Margit Slyngstad. Smaastykke fraa Dalarne. III. Ute og heima.
 
 
Det norske Samlag.
Samlaget hev til Fyremaal aa hjelpa fram den norske Bokavlen. Det hev no arbeidt i 8 Aar og gjevet ut mange Bøker, paa Landsmaal og i Bygdarmaal. Dei, som vil vera med i Samlaget, bitalar 4 Kr. fyr Aaret (elder 60 Kr. eingong fyr alle) og fær daa alle dei Bøker, som Samlaget gjev ut. Ein skriv seg hjaaRekneskapsføraren fyr Det norske Samlaget (Lærar Jo hanson, Rusløkvegen 44) Kristiania," og maamed det samesenda Aarspengarne.
 
Dei, som skriv seg no, og legg Aarspengarne med det same, fær fritt ikring 9 Bøker elder Hefte afAasen, Vinje, Jansonm. fl., so langt Upplaget rekk, -umframt dei Bøkerne, som er utgjevne i Aar (derimillom Soga um Olav den Heilage, elder Snorres Heimskringla II).
 
Paa 6 betalte Bøker fær Ein den 7de fritt. Likeins vert ein Lagsmann fritt, naar Ein melder og sender Pengar fyr 6 nye Lagsmenn.
 
Ein fær sendt seg alle Bøkerfritt med Posten. Fraa Nyaar fær alle Samlagsfolk ogso "Fraa By og Bygd".
 
- NB. fyr eldre Lagsmenn: Aarspengarne fyr kvart Aar maa koma inni første Helvti av Aaret, annars vert det Slut med Boksendingi, til dess Pengarne kjem.
 

Frå Fedraheimen 15.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum