Kristiania, den 15de December.

Universitetet i Bergen. Det skal nok ikkje vera nokot i den Meldingi, som stod i Bladom fyr eit Bil sidan um den store Gaava til eit slikt Universitet.
 
I Levanger hev det voret ein stor Brand. Det meste av Byen brann upp: 8-900 Menniskjur vart husville. 3 Hestar skal vera uppbrende.
 
Ei ny Kyrkja (den 3die) skal dei no til aa byggja her i Kristiania (fyr "Jakobs" Soknelag).
 
Justerte Mjølkemaal skal no verta til aa faa. Dei skal vera i Litermaal, men det skal vera loglegt aa hava det gamle Pottemaalet jamsids med, so lengje som det gjeld.
 
Songaren Thorvald Lammers skal tenkja paa aa faa istand ei norsk Opera ved Kristiania Theater.
 
Bjørnsons "Magnhild" kjem ut i nytt Upplag. 1ste Upplag var paa 8,000 Aftryk. –Ein Brevskrivar i Berg. Tid. fortel, at Diktaren no er aat med eit nytt Spel, som skal handla um Prestarne.
 
I Oplandenes Avis skriv Bjørnson um Helvitesstraffi. Han held fyre, det er ikkje so visst, um Bibelen meinar det, at denne Straffi skal vara æveleg, og likaeins veit han ikkje, um det er rett aa tru so beintfram paa at det er Djævlar til. Men det gjer ikkje nokot fraa elder til i sjølve Kristentrui, anten Ein trur det Eine elder det Andre, meiner han; Kristentrui er fyrst av alt Kjærleike, og ikkje ei Skræmetru. – O. Arvesen paa Hamar skriv imot detta og meinar, at det er reint imot Kristendomens Grunntanke og imot Barnelærdomen vaar. Han trur, at alle rette Grundt vigsmenn vil vera reint usams med Bjørnson i desse nye Tankarne hans.
 
Um Jaabæk hev ein Storthingsbonde sagt, at han er den største Bonde-Storthingsmann, som no fyr Tidi finst i dei 3 Nord-Landi. Naar det kjem Svenskar inn paa Storthingstrevet, spyr dei berre etter tvo Menn: Søren Jaabæk og Johan Sverdrup, og naar dei hev set og høyrt desse tvo, daa hev dei set og høyrt heile Noregs Storthing, so daa er der ikkje meir til korkje høyra hell sjaa, meiner dei. Jaabæk er ein uvanleg boklærd Bondemann, og den beste i Ordkast, av Bønder daa, som kann sitja paa Thingbænken. Naar Motstandararne hans fyr longo sidan er gløymde, daa vil Jaabæk hava mange fagre Blad i Soga vaar, og ein vel dug Bautastein vil pryda hans Gravhaug.
 
Ein Gardmann paa Voss er lagt i Bot, fordi han hev lagt so store Tyngslur paa Husmannen sin, at denne ved det er komen ned i Armod.
 
"Talekrafti" (Telefonen) er prøvd paa so langt Avstand som millom Eikersund og Kristiania, og dei kunde her paa Stationen skilleg høyra, naar dei i Eikersund bles paa eit Valdhorn. – Talekrafti kjem meir og meir i Bruk, og dei finn jamt nye Maatar aa stella henne paa, so ho vert betre.
 
Paa ein Gard i Nordre Undal hende det, at tvo Menniskjur, Moer og Dotter, paa ein Gong gjekk fraa Vitet. Dei tok daa paa Husfaeren baade tvo, og han maatte ropa paa Hjelp. – Dei stakkars Sjuke skal no vera nokot betre.
 
"Nordenfjeldsk Tidende" skriv, at det snaudt trur det finst tie Mann i Landet, som vil "gjeva seg av med" aa tenkja paa eit "sovoret Spursmaal" som det um Kongsstyre og Fristyre, og kvat som er best av dei tvo. Og so bør det vera, meiner Bladet. Det er berre politiske Kannestøyparar og Tullingar, som fer med aa grunda paa slike Ting. Det, som er, det er, og Ein bør ikkje eingong tenkja etter, um det er godt elder ikkje. - Morgenbladet prentar av detta Stykket og finn det "raakande." Javisst er det raakande. Det er sjeldan Ein fær sjaa den politiske Filisterdomen so rein og klaar.
 
Bøker. Det er komet ut ei ny Bok um Maalstriden vaar. Ho heiter: "Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse. Et Forslag paa en omfattende Redegjørelse, formet som polemiske Sendebreve til Modstræverne. Af Arne Garborg. Kristiania, i Kommision hos Alb. Cammermeyer." - Prisen er 2 Kronur.
 

Frå Fedraheimen 15.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum