Kongedøme og Republik.

II.
 
[Del 3 av 4. Fyrste delen.]
 
Det er sagt av ein god norsk Kongsmann (ein, som held paa Kongedømet), at Kongemagti hev den Gjerdi i seg, at det gjerne vil samla seg ein Ring av store Menner um Kongen. Det kann gjerne vera det er mykjet sant i detta. Men lat oss inkje tru, at anten Kongedømet elder Republikken elder nokon annan Styringsmaate kann skapa den store Mannen. I ei stor Tid, naar det gjeng ein frisk, livande Tankestraum gjenom Folket med Lengting etter Framgang mot gode Fyremaal, daa kjem dei store Mennerne, og tidt kjem dei inkje strakst, men i den næste Ætti, den som i si Ung domstid vart uppfostrad med Manndoms-Tankar - daa kjem dei, um Folket elles er Framgang laget. Detta kann henda i eit Kongedøme som i ein Republik. Ei stor Tid kann skapa ein stor Konge, liksom andre store Menner, og skjynar Kongen sitt Folk og dess Krav paa Framgang, daa vil det tvillaust samla seg ein lysande Ring av store Menner um han. Men det er visst, at Kongen inkje kann gjera meir enn aa draga dei til seg og hjelpa dei fram, han kann inkje skapa dei meir enn han kann setja eit Blad paa ei Netla, som det stend i Salma. Um so Kongen sjølv er Republikanar, liksom Keisar August sagde um seg sjølv, so kann han inkje det. Han kann gjera Diktarar som Virgil og Andreas Munch til "Hofpoetar," men aldri skapa Menner som Homer og Henrik Wergeland.
 
Den Ætti, som voks upp i Athen under den ærefulle Striden med Persia, den fødde store Menner, Hermenner, Soga-Skrivarar, Diktarar og Kunstnarar. Athen vart snart det mest upplyste og upp sedade Land, som fanst. Og inkje berre Athen, men flestalle dei smaa greske Republikkarne gjekk fram. Dei hadde grunnlagt Byar ved Svartehavet, i Italia og paa Sicilia og mange andre Stader. Rundt umkring seg hadde Grekenland dei mest upplyste Land, som til var paa den Tid, og Grekararne tok mange Kultur-Emne fraa dei, og daa dei var eit framifraa gaaverikt Folk, fekk desse Kultur-Emne ein rik og mangslungen Vokster – inkje arm og ein-slungen (eensidig). Grekararne hadde mange Bygdemaal, og fleire av desse vart Bokmaal. Alt detta gjorde Utviklingi endelaust mykje rikare enn ho hev voret i nokot annat Land. Kvar liten Republik utviklade seg fritt og tevlde med hine, den eine lærde av den andre, og alle gjekk fram. Hadde Grekenland voret eit einaste stort Kongerike (elder, som Rom ei lang Tid var, ein Republik med eit Faamanns-Velde), med ein stor overmegtug Hovudstad og eit "Hof," som hadde dreget til seg alle framifraa Menner og "uniformert" dei upp, hadde Utviklingi vortet kannhenda meir glansande i sume Ting, men reint arm i det heile mot slik som ho no vart. Detta, at der gjerne vil samla seg store Menner um ein Konge, er inkje altid fyr det gode.
 
Inkje so lenge etter Ufreden med Persia, under Perikles, stod Athen i fagraste Blømingi. Perikles talade fagert fyr seg, og ved det styrde han Repubblikken, enda han inkje Embætte hadde. Store Rikdomar strøymde til Athen, og Borgi Akro polis vart prydd som ingen annan Flekk paa heile Jordi hev voret prydd til den Dag idag. Men det som stødt hev voret ei Forbanning fyr Kongar og Keisarar, at den som hev Magti, tek fraa den, som liten er, vart Ulukka fyr Athen og. Det tok til aa trælka andre smaa Republikkar. Daa Spar tanararne i den "peloponnesiske" Ufreden brende av heile Attika, so nær som Byen Athen, brende dei upp eit "konservativt Element" med det same. Den siste Rest av Bondeliv gjekk upp i Logar, og  det athenske Folk vart eit Folk av Bymenner. 1) At kvar Borgar hadde Part i Styringi, hadde fyrr gjevet Republikken Styrke og gjort Folket upplyst. Men daa Upplysningi vart stor, kom Trui paa dei gamle Gudarne, og dermed paa aalmenn Sanning, paa Log og Rett, burt; det var serleg den veksande Kunnskapen i Naturvitenskapen, som gjorde detta. Hermed var og eit konservativt Element burte.
 
Men verst av alt var, at Borgararne, dei som var frie og like, berre var umkring Femteparten av dei som budde i Attika. Mest tri Fjordepartar var Trælar, som ingen politisk Rett hadde. Borgararne skulde inkje gjera Tungarbeid, dei skulde vera eit Folk av Herrar, av upplyste og fritt sedade Menner; det var det, Perikles vilde. Av detta kann me sjaa, at jamvæl det villaste athenske Demokrati etter vaar Meining i Grunnen vilde vera eit utolande Aristokrati. Det øvste Samfundslag kunne inkje yngjast uppatter av det laa gaste Samfundslag, daa Skilnaden var for stor paa Borgar og Træl, og det skortade Athen paa det beste konservative Element: at kvar Mann av den store Hopen,av Aalmugen, eig nokot, um det er aldri so litet, som han hev kjært og vil verja.
 
Agelause "Folkevener" tok no til aa lyfta paa Hovudet i Athen, og narrade "Folket" med seg, so fleire av dei beste Mennerne paa denne Tid totte, at det bar reint av med Demokratiet. Athen hadde livt si beste Tid no, og ingenting i Verdi hadde kunnat ført den gode gamle Tidi att, som mange gode Menner i Athen drøymde um. Det athenske Folk hadde gjenget gjenom alle dei Steg i Utvikling, som eit gaaverikt og friboret Folk kann og skal ganga gjenom. Me kann syrgja, fyr di Blømingi var so stutt: men paa den litle Tidi hadde det gjort nokot, som var til Gagn fyr heile Verdi, og voret med og skapt den Kulturen, som Europa seinare hev bygt paa.
 
Vistnog var det i mange Maatar ei syrgjeleg Tidi Grekenland under og etter den peloponnesiske Ufreden, Strid millom Republikkarne og inkje Sam helde, men tidt Samlag med Landsens Fiendar. Det var liksom den gode Borgaraand var burte, no dei inkje hadde Persarne lenger aa ottast fyr. Skilnaden paa daa og fyrr var stor. Men me lyt hugsa paa det, at me aldri veit, korleids Tidi var, men berre korleids Soga-Skrivararne fortel, at ho var. Dei som skreiv um den gode gamle TIdi, um dei gilde "Marathon-Kjempurne," livde ei Stund etter Hendingarne, som dei fortalde um, og kom difyr truleg til aa sjaa alt i eit gildare Ljos, enn dei med Retten skulde. (Dei idealise rade). Men dei seinare Soga-Skrivararne fortalde um Ting, som hende i deira Tid, og gjev oss eit sannare (meir realistisk) Bilæte av si Tid og legg Livet, hardt og stygt som det tidt er, fram fyr Augurne vaare. 2) Det er inkje rett aa sjaa paa denne Tidi som ei rein Villmannstid. I Athen livde Menner som Platon, Aristoteles og Demosthenes. Det hadde endaa ei stor Livsgjerning aa gjera.
 
Ein Republikanar vilde kannhenda spyrja, um inkje alle dei smaae Republikkarne kunne slaa seg ihop til ein stor. Detta var inkje so godt i den gamle Tidi, daa dei inkje endaa hadde funnet paa aa velja "Repræsentantar" (liksom vaare Stortings menner), men kvar Borgar, som vilde bruka sin Borgarrett, laut møta fram sjølv i Folkeforsamlingi i Hovudstaden. I ein stor Republik kunne soleids berre dei møta, som budde i Hovudstaden og der umkring, liksom i den romerske Republikken, som me seinare skal tala um, og desse faa vilde daa hava all Magti og hine verta trælkade. Grekararne, som vilde vera frie, kunne soleids inkje slaa seg ihop til ein stor Republik.
 
Ein Kongsmann vilde kannhenda spyrja, um inkje det beste hadde voret aa hava ein Konge yver alle Grekararne. Det kunne vortet nokot til Styrke daa, fyr berre Attika, inkje større enn eit norskt Futedøme, var so megtugt aaleine som heile Greken land i vaar Tid. Hadde dei viljat gjeva fraa seg nokot litet av Fridomen sin, kunne dei hava styrt Verdi.                                                 
 
 
1) Dei, som er so rædde fyr Bondemagt, lyt merka seg detta.
2)Paa same Maaten med vaare Sogur. Soga-Skri vararne hadde dei eldste Kongarne paa Fraastand, og Sogurne um Olav Tryggvason og Olav den hei lage gjev oss liksom eit meir idealiserat Bilæte av si Tid enn Sogurne um dei seinare Kongarne. Same Skilnaden som paa eit Maalarstykke og eit Fotogram.
 

Frå Fedraheimen 15.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum