Gaffeldaning.

Kulturen gjeng fort fram i denne Tid. Fyrr aat dei sin Mat med Kniv utan Gaffel, so aat dei med Kniv og Gaffel, og no er det høgste Fiffen aa eta med Gaffel utan Kniv. Ja, du skal ikkje læ. Det er verkeleg so no her inni "Kulturen," at ein Mann vert ikkje halden fyr retteleg fin og danad, minders han kann grava i seg Maten med berre Gaffelen. Vilde han setja seg til i eit fint "Middagslag" her og bruka baade Kniv og Gaffel, so vilde dei hine Bordfolki reint ut tykkja Synd i Mannen, at han var so "raa" og so litet upplærd!
               
- Men slik er det i so mange Ting. Det, dei spyr etter hjaa ein Mann, er ikkje so mykje um han hev det, som me i Sanning kallar Daning; Kunskapar, Livssyn, Hjartelag; men det er meir um han hev den rette Svipen og Hamen i ytre Ting. Ser han fjong ut? Kann han snu seg? Kann han snakka fint og "behagelegt"? Kann han i Eit og Alt fylgja med Moten og Skikken? Ja, daa er han danad. Det er "Handgrip og Fotslag" det kjem an paa, maavita.
 
Detta med Gaffelen er reint eit Merkje, og syner so væl Stilen i det alt ihop. Kvat skal Ein segja um denne Gaffelkulturen? Vit og Meining er det ikkje i honom, det er visst. Tidi vaar strævar hellest med aa gjera all Ting so lettvinnt og kvæmt og fyremaalstenlegt som Raad er; men eta med Gaffel utan Kniv er berre ukvæmt og brysamt. Det gjeng mykje meir seint og ubeint aa sitja og klemma Maten sund med Gaffelen enn aa skjera honom sund med Kniven, og skal ein aat med Duppa elder "Sausen," so kjem Ein no reint i Beit. Ein lyt hjelpa seg so godt ein kann med ein Braudbite, som Ein held i Klypen, og so syp Ein det i seg slik det no gjeng, og kliner seg kann henda til attpaa. Ikkje ser det nokot vænt ut helder. Det lyt soleids berre vera ein Mote elder eit Paafunn, eit Karsstykke liksom, som ikkje hev annan Meining, enn at Folk skal prøva seg, um dei "kanngjeradet." Og Folk, stakkar, strævar med det so godt dei kann. Det er ein Mote, maa vita, og vil du heita ein vældanad Mann, so maa du fylgja Moten, um han er aldri so vitlaus. Og so vert det slik som det er. Det er Moten, som er det rette Daningsmerket hjaa desse "Kulturfolk." Um det vart Mote aa eta med Trepinnar liksom Villmenn, so laut Ein fylgja med daa au, og vart strakst heitande "raa," um Ein ikkje kunde faa Maten i seg med slike Velde.
 
Denne arme, aandlause Formkulturen dømer seg sjølv, og vituge Folk maa berre flira aat heile Stasen. Eg hev drevet fram detta um Gaffelen, daa det som sagt syner so godt Stilen og "Aandi" i heile denne "Finskapen," og eg maa segja, eg veit snaudt nokot betre og sannare Namn paa honom enn detta, som her er brukt: "Gaffelkulturen."
 

Frå Fedraheimen 15.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum