Erik Eidsvik heiter ein Mann upp i Aalesund

Erik Eidsvik heiter ein Mann upp i Aalesund; han er fattik og sjukleg, 77 Aar gamall, hev Kona og Born, og det einaste han kann gjera, er aa vera Flytmann, som han og altid hev voret. Men no er det stellt til eit fast Flytmannslag i Aalesund, og den, som ikkje er med i det Laget, skal ikkje hava Lov aa ro. Gamle Erik Eidsvik er for sjuk og gamall til aa vera fast Flytmann. Men like væl vil han helder stræva og ro litegrand, naar han vinst paa det, enn han vil leggja seg radt paa Kassa. Det er ein bra Mann, Erik Eidsvik.
 
Men Politiet er strengt og vakande. Ingen skal hava Lov aa ro, som ikkje er fast Flytmann, Erik er ikkje fast Flytmann, og naar han likevæl ror, so er han ein "Brotsling imot Landsens Log", og maa i Straff. Dei er etter den gamle Stakkaren Gong paa Gong; han fær Bot paa Bot; men gode Folk tykjer Synd i honom og betalar. Men Politiet held paa; tilslut vert Boti fyr stor; Erik skal i Fangehuset fyr sitt ærlege Arbeid. Politiet tore ikkje beintfram taka Gamlen fraa Heimen hans og hala honom paa Raadstova; men dei fær honom sjølv til aa rusla der upp, i god Tru, ventar ikkje slikt, - og so ser dei sitt Snitt og stikk honom av ned i Myrkestova, so mest Ingen veit um det. – Slikt gjeng fyr seg i Aalesunds By i det Herrens Aar 1877! (Etter Aales. Bl.)
 

Frå Fedraheimen 15.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum