Eit Livsbilæte.

Av Olav Lofthus
 
"Aa Gud ske Lov, no verd det Vaar,"
sa' Gjenta, ho var sekstan Aar.
"No blømer det i Dal og Lid,
og Soli skiner blank og blid,
Smaafuglarne av Sæla kveda,
og Jordi drøymer bert um Gleda."
 
"No stundar det til Sumars Bil." –
Skal tru kven Gjenta velja vil?
Ho veit det godt, og Hjartat slær
so varmt, naar han ho møta fær.
Til Vaaren stend ho med si Kruna
med honom i sin Brudebunad.
 
Det haustar snøggt. Det ljose Haar
er graasprengt alt av Livsens Saar.
Dei tvo bær saman mangei Byrd,
men no verd Foten trøytt og styr:
"Skal tru, at inkje Vegen sletnar
lidt lenger fram, og Livet letnar?"
 
Men seint den lange Vettrakveld
ho eismoll sat med Aarens Eld.
Den trugne Mann seg kvila fekk,
og Borni ymse Veger gjekk:
"Aa giv, eg snart so langt kan vinna,
at honom atter eg kan finna."
 
So tek ho fram si Bibelbok
og les, kor Herren ofta skok
og refsad deim, han elskad mest:
"Som Gud det lagar, er det best."
Det stormar ute; hennar Hjarta
i Fred hev Syner fagra, bjarta.
 
Den gamle Mannen, ho grov ned,
er atter ung i Himlens Fred.
Ho ser, at han er velsedd Gjest
i Himlarikets store Fest.
Han smiler ned og rettar Hondi:
"Tak, Gud, no lossnar sidste Bondi."
 

Frå Fedraheimen 15.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum