Ei amerikansk Lysing.

I Bladet "Heimdal" skriv ein Klædehandlar ei Lysing slik: "Fyrre Vika foor det ein Storm, ja ein Orkan, utyver Chicago og Landet derikring. Vatnet i Michigan-Sjøen vart piskat upp i Rok, og Baarurne var stormeg tuge som ein dansk Etatsraad. Me er paa Lake Street midt under Stormen. Det ausrigner, og er eitrande kaldt, Ein ung Mann freistar aa ar beida seg upp mot Uveeret, og det gjeng, um det enn gjeng smaatt. Kvat Slag? – han syng! Han, som maa vera baade gjønvaat og gjønfrosen, han syng! Ja, Lesar, han syng, og han kann sakte syngja, for veta skal du: han merker korkje til Regn elder Kjøld, og det av den gode Grunn, at han hev paa seg ein Overfrakke og ein Regnkjole av det Slaget, som Ein berre fær hjaa William Holm, No. 216, Milwauke Avenue." (Dagbl).  
 
I Amerika er dei nok ikkje alt so vande um dei Raaderne, dei brukar, naar det gjeld um politisk Partistrid. Soleids var der ein Mann i Staten Ohio, som vilde verta Thingmann og hadde eit stort Parti fyr seg. No hadde den same Mannen eingong i eit Blad skrivet eit Stykkje – som hellest var godt -, der han fortalde, at i Tyskland kunde ei Husmoer laga Supa berre paa eit Kjøtbein med litegrand Grønsaker attaat, og den so god, at ein heil liten Huslyd mest kunde eta seg mett paa den Supa. Detta Stykket fær ein av Motpartiet Tak i, og fær daa vrida det so til, at Mannen ikkje unnte Fatikfolk annat enn Kjøtbein aa liva av, og dermed vart Folk so galne paa Mannen, at han so nær ikkje hadde vortet vald til Thingmann.
 

Frå Fedraheimen 15.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum