Altslag.

Olme Hanar. Kvinnfolket plar altid vera so rædde olme Stutar og vonde Hestar og fulle Folk og andre slike store Dyr; men Hanen høyrer du sjeldan dei talar um. Men Faer min var eingong ute fyr ein Hane, som neimen ikkje var so greid. – Faer var av og snikrad paa ein Stor gard, der dei hadde slik ein mannvond Hane, som stødt var etter honom. Ein Dag var han burt i Jorde, og der fær han sjaa Hanen kjem rennande, som han vilde fara reint i Syni hans. Han treiv daa etter nokre Ertestenger, som stod der, til aa dengja Hanen bedst han kunde, og no vart det Slaastbad! Ertestengerne var rotne; han slog den eine etter den andre i Molar yver Haneryggen, og slog upp mest eit heilt Fang, fyr Hanen gav seg, men daa var det Ufyglet mest kvitt au, og hadde snaudt Fjødri att paa Kroppen sin.
 
Men no tok Faer til aa tenkja paa Madam A., som aatte Hanen, og kor vond ho vilde verta, naar ho fekk vita det. Men so fann han paa Raad. Han gjekk heim til Madam A. og sagde: "No kann du tru, at Hanen din var i Beit. Hauken hadde i honom og vilde tyna honom reint; men som Lukka var, fekk eg sjaa det. Der slog eg sund mest alle dei Ertestenger, som fanst, fyrr eg fekk Hauken ifraa, og endaa hadde den Skarven plukkat Hanen slik, at han snaudt aatte Fjødri paa Kroppen." "Aa mange Takk skal du ha, Hans!" sa Madam A. og var reint blid; "kom inn, du lyt ha deg ein Dram paa den Sjauen!"
 
So bar det til, at Faer fekk baade Takk og ein Dram av Madam A., for han hadde skamsleget Hanen hennar. Men likevæl lovad han med seg sjølv, at han skulde agta seg væl fyr mann-olme Hanar etter den Dag.
 
Dei danske Normenn taka no til at gjera so mange Krokar og Snuingar paa det kjære Maalet sitt, at det er vandt, sjølve Danskarne vilja kjennast ved det. Soleids skriva dei: "en Bøde" fyr "en Bod", og vilja dei vera seg sjølve like, ljota dei ogso skriva: "en Føde" fyr "en Fod," "en Røde" fyr "en Rod," "Søde" fyr "Sod," o.m. slikt. Sæt du no desse Ord inn i Sætningar, ser du fyrst, kor ufyset alt detta er. Soleides f. Ex: "raade Bøde (Bod) paa", Bibelspraaket: "et Lys for vor Føde (Fod) en Lygte" o.s.v., Salmeverset: "en liden Søn af Davids Røde (Rod). Denne Skrivemaaten ser det ut til at mange "Fine" lika ovlege godt, so du ikkje tarv ottast fyr, at han ikkje vil faa Framgang.
 

Frå Fedraheimen 15.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum