Pluss og minus for nynorsk i statsbudsjettet
Styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrumFoto: Ivar Aasen-tunet, Anders Aanes

Pluss og minus for nynorsk i statsbudsjettet

– Framlegget til statsbudsjett for 2019 gir både pluss og minus for nynorskbrukarane, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.

– Den store gleda er at regjeringa løyver 8,4 millionar til å byggje Vinje-senteret for dikting og journalistikk i Vinje, og at Norsk Ordbok no skal oppdaterast og haldast ved like. Minuset er at driftsmidlane til Nynorsk kultursentrum ikkje aukar slik at vi kan gjere Vinje-senteret til noko meir enn det einmannskontoret det er i dag, seier Solholm. Løyvinga til Nynorsk kultursentrum aukar med 2,2 prosent til 20,5 millionar.

8,4 millionar til Vinje-senteret

Gladmeldinga om byggjemidlar utløyste spontan jubelapplaus då kulturministeren fortalde om løyvinga under 25-årsjubileet for Nynorsk kultursentrum sist fredag. Byggjemidlane går til Vinje kommune, som tek sikte på byggjestart i 2019. Vinje-senteret for dikting og journalistikk på nynorsk og bokmål er ei avdeling i Nynorsk kultursentrum på linje med Aasen-tunet, Hauge-senteret og Allkunne. Med ombygging av tilbygg ved Vinje skule er byggjeprosjektet for Vinje-senteret budsjettert til 26,3 millionar.

– Så langt har Vinje-senteret arrangert Litteraturdagane i Vinje og på omvisingar og arrangement til saman hatt 5000 gjester med berre ein fast tilsett. Samstundes som Vinje-senteret blir bygt, treng vi tre medarbeidarar til for å utvikle innhaldet. Difor søkte vi om 1,8 millionar i friske midlar til drift frå staten. No må også Telemark fylkeskommune melde seg tungt på i både bygging og drift. Vinje kommune har gjort mykje meir enn ein kan vente av ein kommune, seier Grepstad.

Senteret skal dokumentere saksfelt ingen andre museum dekkjer – romanar og noveller på bokmål og nynorsk, forteljingar om journalistikk på måtar ingen andre har gjort før, og forholdet mellom dikting og journalistikk.

Norsk Ordbok og Det Norske Akademis Ordbok

– Det er strålande at regjeringa no løyver midlar til å oppdatere og halde ved like Norsk Ordbok og Det Norske Akademis Ordbok, og at dei viktige oppslagsverka Nynorskordboka og Bokmålsordboka skal oppdaterast, seier direktør Ottar Grepstad. I 2013 sette Nynorsk kultursentrum i gang eit stort arbeid for å sikre framtida nettopp for Norsk Ordbok. No får Universitetet i Bergen dei første millionane til det arbeidet.

Nynorsk kultursentrum gler seg også over at løyvinga til Det Norske Samlaget aukar med ni prosent til 17,7 millionar og at Opera Nordfjord får 11 prosent meir enn i 2018.
– Der er fleire nynorsktiltak som no treng meir støtte, og på det punktet skuffar regjeringa, seier Grepstad.

Regjeringa ventar at lønene aukar med 3,25 prosent og prisane med 1,5 prosent i 2019.
– Løn utgjer halvparten av kostnadene våre, og no merkar vi godt at dei årlege driftstilskota frå det offentlege har minka mykje mindre enn lønsveksten i ein bransje som er pressa frå fleire kantar, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.