Ledig stilling som redaksjonssekretær i Allkunne

Her er sjansen for deg som er ryddig, nøyaktig og vil arbeide med å formidle kunnskap på internett og i sosiale medium.

I denne stillinga har du høve til å arbeide tett med dyktige fagfolk og kunnskapsformidlarar om ulike aktuelle og spennande emne. Redaksjonssekretæren er bindeleddet mellom redaktør, redaksjon, forfattarar, fagkonsulentar og språkmedarbeidarar i Allkunne. Du kjem derfor lengst om du er dyktig til å kommunisere skriftleg med ulike menneske.

Arbeidet krev velutvikla ordenssans. Redaksjonssekretæren har, med hjelp av etablerte system, full kontroll på produksjonen av leksikonartiklar, utrekning av honorar og avtalar om rettar til tekst og bilete. Ein del av arbeidet er å kontrollere kjeldetilvisingar i alle nye artiklar, og vurdere truverdet til tekstar frå mange ulike fagområde. Stillinga krev høgare utdanning på bachelornivå eller tilsvarande.

Redaksjonssekretæren oppdaterer og publiserer artiklar på nettstaden og i sosiale medium. Her har du sjansen til å utvikle kunnskap om og dugleik i å nytte ulike digitale verktøy. Det er ein fordel å ha erfaring frå å bruke publiseringssystem. Stillinga krev stø språkføring på nynorsk.

Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Allkunne held til i Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, mange innarbeidde rutinar, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.

Stillinga er ledig frå 1. januar 2019. Fleire opplysningar får du hos redaktør Per Magnus F. Sandsmark, tlf. 70 04 75 70 eller 908 12 196.

Grip sjansen: Send søknad med cv, vitnemål og attestar seinast måndag 22. oktober til admin@aasentunet.no

Allkunne er eit tverrfagleg redigert digitalt oppslagsverk på nynorsk med over 25 000 artiklar. Med to fast tilsette er Allkunne ei driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum, som også eig og driv Aasen-tunet (Ørsta), Hauge-senteret (Ulvik), Vinje-senteret (Vinje), tre festivalar og åtte andre nettstader. Nynorsk kultursentrum har 20 fast tilsette og ventar inntekter på om lag 33 millionar i 2018. År for år utviklar vi rolla som samfunnsaktør med nye prosjekt og publikumstilbod.