8,4 millionar til Vinje-senteret i statsbudsjettet
Kulturminister Trine Skei Grande og direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrumFoto: Mona Lindseth, Sunniva Lund Osdal

8,4 millionar til Vinje-senteret i statsbudsjettet

I statsbudsjett for 2019 føreslår regjeringa å løyve 8,4 millionar til bygging av Vinje-senteret for dikting og journalistikk i Vinje.

Løyvinga blir fordelt mellom 2019 og 2020, sa sa kulturminister Trine Skei Grande i ei videohelsing i Ivar Aasen-tunet fredag. Flytrøbbeel gjorde at statsråden på kort varsel måtte avlyse besøket til 25-årsjubileet i Nynorsk kultursentrum. – Eg er skrekkeleg lei meg for at eg ikkje kunne vere hos dykk i dag, sa statsråden.

– Makelaust, jublar direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Gladmeldinga frå statsråden utløyste spontan jubelapplaus då kulturministeren slapp lekkasjen frå statsbudsjettet. – Vi har kjent oss sikre på at Vinje-senteret kjem. No kan vi også bestemme når det skal opnast, seier Grepstad. – Så står det att å sikre meir pengar til drift og få Telemark fylkeskommune tungt med på laget.

Vinje-senteret for dikting og journalistikk på nynorsk og bokmål er under oppbygging i Vinje i Telemark. Dagleg leiar Kristian W. Rantala tok ti som første medarbeidar i januar i år, og fleire medarbeidarar skal no tilsetjast. I år arrangerte Vinje-senteret for første gong Litteraturdagane i Vinje, og lenge før senteret har opna, har snart 5000 alt vitja arrangement og utstillingar. Vinje-senteret er ei avdeling i Nynorsk kultursentrum på linje med Aasen-tunet, Hauge-senteret og Allkunne

Vinje kommune er i gang med å klargjere for byggjestart i 2019 og har berre venta på gladnytt frå staten. Frå før har staten løyvt 1,5 millionar til ei basisutstilling som vil koste 6,3 millionar. Med ombygging av tilbygg ved Vinje skule er byggjeprosjektet for Vinje-senteret budsjettert ti 26,3 millionar.