ikkjeverredd_992x627.jpg

Ikkje ver redd sånne som meg

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
VaksenStudent
150100 (student og ungdom)
Kjøp billettar

Sumaya Jirde Ali skriv at ho ikkje greier å sjå for seg ein annan heim enn Noreg. Kva vil det seie å høyre til når du blir kalla eit problem? Onsdag 17. oktober samtalar ho med forfattar Lars Petter Sveen, som også er aktuell med bok i haust.

I boka Ikkje ver redd sånne som meg fortel Jirde Ali om dei bekymringslause dagane i barndommen. Då ho fekk høyre om attentatet i Oslo 22. juli 2011 fekk ho sjokk. Ho var 13 år og hadde aldri reflektert over om ho var norsk eller somalisk. Etter den dagen skjøna ho at ho måtte tenkje nytt om sin eigen identitet og kor ho høyrer heime.

Sumaya Jirde Ali er samfunnsdebattant, spaltist i Klassekampen, aktivist og poet. I 2017 gav ho ut diktsamlinga Kvinner som hater menn. Det same året fekk ho Natt & Dag-prisen for sivilt mot, og prisen som Årets Bodøværing.

I Aasen-tunet møter ho forfattar og tidlegare festspeldiktar Lars Petter Sveen til samtale. Han er i haust aktuell med boka Fem skuggar, ei forteljing om fem unge menneske på flukt frå Somalia mot Europa og Noreg. Sveen skriv om noko av den same problematikken som Jirde Ali, men med eit anna utgangspunkt.

– Eg hadde lyst til å utforske kva eit menneske er utan historia si, når det må lage seg sjølv og livet sitt på nytt, seier Sveen til Bok 365.

Lars Petter Sveen har fått ei rekkje prisar for sin forfattarskap. Han fekk sitt litterære gjennombrot i 2014 med boka Guds barn, og i 2015 blei han omtala som ein av dei ti fremste unge, norske forfattarane kåra av Morgenbladet og Norsk litteraturfestival. 

Kjøp "Ikkje ver redd sånne som meg" på Handlenett.no